torsdag 29. desember 2011

Rute

Her er ei grov oversikt over ruta, etappevis

Lindesnes - Ljosland
Ljosland – Haukeliseter
Haukeliseter – Finse
Finse – Tyinkrysset
Tyinkrysset – Otta
Otta – Røros
Røros – Innstua
Innstua – Røyrvik
Røyrvik – Røssvatn
Røssvatn – Ny Sulitjelma
Ny Sulitjelma – Abisko (Tornätresk)
Abisko – Kautokeino
Kautokeino – Mollisjokk – Iesjavre – Kåfjord
Kåfjord – Nordkapp

torsdag 22. desember 2011

Andre felles ferdaråd

I kveld fekk me til enda ei lita planleggingøkt. I romjula må øktene bli fleire og lengre, så får me nok alt på plass til slutt. Synnøve fekk med seg telt, dunjakke og soveposar frå Helsport heim til jul, då måtte me teste korleis vidunderet ser ut.

Her er heimen vår utpå nyåret.

Teltet er større enn Randi sitt, som me brukte på skituren vår i vår. Det blir godt med litt meir plass. Særleg å kunne sitja oppreist inni teltet, det sparar ryggen for mykje slit! Me får også betre plass i forteltet, både til skifting, matlaging og alt anna som måtte gå føre seg der.

HappyCampers seier tipp topp tommel opp.
 
Etter teltfjasinga gjekk tida snøgt. Alt me rakk var å sjå på kva type iPod som har lengst batterilevetid, og lage endeleg liste over dei karta me treng frå Lindesnes til Tyinkrysset. Det byrjar å haste med kart. Heldigvis er det i kjømda, om ikkje alt på ein gong. Me har fått god hjelp i kartplanlegginga av damene i Damer på langs, som gjekk turen i fjor vinter. Tusen, tusen takk!
 
Ja, her skal me få det fint.

onsdag 21. desember 2011

Fyrste felles ferdaråd

Endeleg er begge dei glade vandrarane heime i Valdres. Etter eit møte med Vang Sparebank kom Åslaug opp i Øygar'n, og fann seg ein fin haug ullklede frå Åsnes. Jammen kom posten med pakke frå Devold og eit par liggeunderlag også. 

Nøgde vandrarar med fine førejulsgåver

Etter prøving av klede og liggjeunderlag har me sett gjennom ruta med tanke på kvar me kan proviantere og kvar me må sende depot. Motivasjonen stig og brikker fell forhåpentlegvis på plass! I morgon kveld fortset planlegginga, kanskje me får lagt ut ruta på bloggen.
I dette høvet passar det seg med eit oppstartsdikt, skrive av min gode ven og Sandanes store sønn, Vidar:

OPPSTARTSDIKT
(må lesast med Arne Næss-stemme)
Denne tur dere nettopp har startet,
Skal en gang for alle sette Vang på kartet!
Det er ingen som greier
så mye som Valdresbudeier
Ikke engang Nansen da han var ute og fartet.

Meisterar på sjølvutløysar

onsdag 14. desember 2011

Sponsorar

Det er stor stas å få sponsorar som gjer turen lettare for oss å gjennomføre!
Tusen takk!

Vang Sparebank sponsar oss med økonomiske middel. Dei kjem til å følgje oss på turen via heimesidene - føl gjerne med du også!

Frå Åsnes har me fått ullklede. Det er fantastisk å få starte turen med gode, vamre og fresje klede. Me skal gje dei produktanmeldingar, og bidra på bloggen deira

Helsport lånar oss telt, og gjev oss gode prisar på produkt.

Tyin Aktiv støttar oss økonomisk. Etter turen skal me halde foredrag for dei.

Øye Bygg & Bo støttar oss økonomisk.

Devold gjev oss god pris på det me treng av ullklede. Me har bestilt oss undertøy og sokkar!

Hjå Intersport Filefjell har me fått gode prisar på det utstyret me trengde derifrå. Takk!

El-Kjøp på Fagernes ga oss gode prisar på batteri, telefon og iPodar. Takk!

Happy HappyCampers

mandag 12. desember 2011

Pakkeliste

Klede:
Ull - 3 sett stilongs og trøye, singlet, ullbh, ulltruse, ullsokkar, mellomlag (ullgenser og ulljakke)
Skallbukse
Skalljakke
Dunjakke
Gamasjar
Vindvottar
Ullvottar (tjukke og tynne hanskar)
Hals og balaclava
Panneband
To luer

Utstyr:
Kart, kartmappe, kompass og GPS
Ski, stavar, skisko
Skismurning
Kortfeller og langfeller
Pulk, pulkdrag, sele og pulkbag
Campsko
Spade og søkestong
Stor ryggsekk
Sovepose og liggeunderlag
Telt
Primus, primusplate og primusflaske
Bensin
Kokesett, sleiv, talikar, ambestikko
Termokopp, termos, vassflasker, vasspose
Multiverkty, kniv, fyrstikker
Hovudlykt, stearinlys, kikert
Solbriller og snøbriller

Reperasjons- og ekstrautstyr
Batteri, skofeitt, nål og tråd, rep-tape, ducktape
Teltstong/skøyteledd
Taug - tynt og kraftigare
Primus - rep-kit
Små og større skruar
Ekstra stav
Ekstra skitupp


Underhaldning
Kortstokk
Yatzy
Lesestoff (pensum), songar og handarbeid
Kamera
Reiseradio
Dagbok

Toalettsaker - ymse
Fyrstehjelpsutstyr
Smertestillande
Solkrem
Antibac

Mat

Med både plussar og kanskje minusar til denne lista!

torsdag 8. desember 2011

Om dei glade vandrarane


Åslaug Hansegård kjem frå eit lite småbruk i Øystre Slidre i Valdres. Ho har gått på folkehøgskule i Alta og studert friluftsliv ved høgskulen i Finnmark, og tek no bachelor i geografi ved høgskulen i Nord-Trøndelag.


Randi Ødegården er frå ein geitegard i Vang i Valdres. Dei siste åra har ho bytta ut Valdresfjell med Sunnmørsalpar, noko som passar fint til fjell- og skiturar. I Volda tok ho ein bachelor i idrett og friluftsliv, og går no nettbasert Geografi ved HiNT, framleis med base i vakre Volda.