mandag 26. mars 2012

Hattfjelldal

No har me ein liten kake- og kaffistopp i Hattfjelldal, i anledning Randi sin gjebursdag. Heile 24 år vert ho denne gongen! Her er det ein triveleg coop der dei har det meste, no har Randi fått seg ny spork, og me fekk tak i eit kart me mangla.

Frå Røyrvik starta me i grått ver opp til Namsvatnet, og fulde stikka skuterløype eit stykke innover. Der den slutta møtte me på tre isfiskarar, som hadde lova oss dram (me møtte dei ved p-plassen), og det fekk me. Både ein og to og tre. Tusen takk for det! Turen mot Viermahytta vart artig. Sjølv om det vart mørkt fann me fram, fyra opp og fekk turka utstyret, som nok ein gong hadde vorte gjennomblautt. Me kosa oss med fyrstekake frå Mamma Kari! Dagen etter held me oss inne grunna regnet, men tok ein liten tusletur opp til Kristi Krybbe, eit lite kapell oppi fjellet.

Fredag vart det klarver, og me fauk av garde med godt mot oppover Virmadalen! Fint å sjå litt av Børgefjell! Utover dagen drog det seg til, og når Randi datt ned ein skavel grunna flatt, flatt lys sette me opp teltet! Laurdag prøvde me oss ut, men etter eit par kilometer med sterk vind, nedbør og ingen sikt sette me oppatt teltet. Godt å ha eit telt som tålar vinden! Lenge sidan sist me har hatt slikt vintervêr, noko som gjorde føret på laurdag heilt fantastisk! På skareføre, i sol og med nydeleg utsikt til fjella i Børgefjell, fauk me av garde mot Susendalen. Så fulde me vegen mot Hattfjelldal, og no er me altså her!

I kveld vert det gjebursdagsfest i teltet, i Røssvatn-området. Det er berre å ta turen!

tirsdag 20. mars 2012

Halvvegs

No er me happy campers i Røyrvik, der me har sett opp teltet på idrettsplassen som ligg sentralt til downtown. Gangavstand til butikk, bibliotek og kafe. Me kom hit seint i går kveld etter ei lang etappe, på ca 50 km, frå Kvelia.


Bekkane forserast - dette er GØY!

Vera samfunnshus er ein perfekt stad å campe når regn og sludd lavar ned.

Stemninga er mindre munter!
Sidan sist har me tatt oss gjennom Nord-Trøndelags villmark og sett eit yrande dyreliv. Mykje elg, rype, røy og rev. Frå Gaundalen tok me oss over til ein annan fjellgard, Gjevsjøen via turisthytta ved Holderen. Vidare gjekk me over til Berglia der me fekk tips om ruta vidare mot Nordli. Her kom me borti ein vegg av skog og det viste seg at me hadde vald ei svært kronglete rute. Men med litt snacks i lomma og musikk på øyret kjem ein seg gjennom det og! Glad det ikkje var nokon lokalfolk ute og såg vegvalet vårt. Gode på orientering blir me i alle fall!

Gaundalen Fjellgard

Potetbakken- flott stad å bu!

Mr. Gaundalen

Slek ser grensa til Sverige ut.

Lipton Forest Fruit or Twinnings Lemon- that's the question!

Enkel elvekryssing!

Viktig med litt kos i lunsjen.
I Nordli hadde me høyrt rykter om middag til alle som går Noreg på langs-turen, og det gjorde sitt til at me gjekk litt ekstra på dit. Tomme for sjokolade byrja me også å bli. Med vinden i håret og god gli på skia fauk me avgarde over Litltissvatnet (fantastiske namn i indre Trøndelag) klare for å innta Nordli og ein betre middag. Då møtte me på dei to karane Lars og Geir Ove som var ute på skitur. Nei, i Nordli var butikken stengt for ein time sidan, bensinstasjonen hadde Geir Ove lagt ned ved juletider og kafeen med middag var heller ikkje open. Skuffinga var enorm! Men Lars og Geir Ove visste råd. Me skulle berre ringe når me kom oss ned frå fjellet, for då ville dei ta oss med til Gäddede som ligg rett over riksgrensa, for der var det både pizzeria og sjokolade. Kvelden blei svært vellukka, me hadde ikkje trudd at me skulle få selskap av to så trivelege karar! Geir Ove og kona, Heidi, stilte også med husrom og herleg frukost. Tusen takk for det!

Vidare gjekk me etter trasseen til det kjente turrennet, Flyktningerennet, som går frå Nordli og over til Gäddede. Herleg å gå litt i preparerte løyper og treffe på trivelege mosjonistar. Det var mange ute og trente til rennet som går siste helga i mars. Den førte oss over til den vesle bygda Kvelia. Der møtte me på ein fyr som var ute og lufta hunden. Han lurte med ein gong på om det var noko me trengte. Han hadde tydlegvis vore borti folk som oss før. Mat? Overnatting? Transport? Me hadde ikkje gått lange biten så det var for tidleg å ta kvelden, men ein kopp kaffi sa me ikkje nei til. Men der vart det både middag og kake, klokka gjekk og det blei til at me overnatta også. Dagen etter ville Ole Harald, som han heitte, kjøre pulkane våre eit par mil sidan me skulle gå etter vegen. Maken til gjestfriheit, tusen takk! Det var herleg å gå ein bit med lette sekkar:) I Kvelia fekk me også kvart vårt par med ullsolar frå den lokale kremmaren, Roland Aagard. Det kom godt med! Sjekk ut produkta hans på http://www.lussogbusserulleriet.no/

Randi svært nøgd med nye og flotte ullsolar!

No har me ein dag i Røyrvik der me får fiksa litt saker og ting; innleveringar, proviantering, kafebesøk, planlegging av rute og telefonar er det tida går med til. Rart kor fort dagane går nede i sivilisasjonen. Sidan det har vore litt vandring etter veg skal det bli ekstra godt å ta fatt på Børgefjell. Dette er eit fjellområde me begge har drøymt om lenge, og me håpar at det svarar til forventningane! Det er meldt store mengder nedbør så det kan nok bli ei seig etappe. Nordland står for tur, det er fantastisk at me har kome så langt!

onsdag 14. mars 2012

Blaute, men ved godt mot!

No er dei glade vandrarane innomhus i Gaundalen. Me starta opp att frå Innstua laurdag, slitne etter eit triveleg opphald i Levanger blei fyrste etappa ganske kort. Det lava ned med snø, som etterkvart gjekk over til regn. Innan me kom oss til den vesle bygda Vera var me gjennomblaute og me slo leir ved samfunnshuset. Måndag gjekk me vidare opp mot Sæterfjellet. Det vart etterkvart endå meir nedbør og me labba av garde med gigantiske klabbar og søkkvåte av regnet. Det vart tidleg kveld og primusen gjorde verkeleg nytta som tørkeomn. I går sette me kursen over fjellet og ned til Gaundalen, eit lite gardsbruk ved grensa. Veret var veldig variabelt og sikta til tider svært dårleg. GPSen fekk gjort nytta si igjen! Gleda var svært stor då me kom fram til Gaundalen Fjellgård og blei møtt av Steinar, sjefen på bruket. Han hadde hytte til låns som var oppvarma. Det passa oss midt i blinken! No er soveposar, klede og resten av utstyret turka opp og me er klare for ferda vidare mot Nordli. Gaundalen Fjellgard tek imot fjellfararar og fiskarar året rundt, skikkeleg triveleg og avsidesliggjande plass. Fleire mil til næraste bilveg, men her har dei faktisk fly og flystripe, så det er ingen problem å koma seg til meir siviliserte strøk. Happy Campers vil sende ei helsing til Eldbjørg i Oslo, systra til Steinar, som me håpar les bloggen vår:) Og mamma og pappa, me har det fint sjølv om Spot kanskje ikkje har kome fram og dekninga er dårleg i områda her. Me håpar på kaldare dagar og meir klarvêr, men føret kan me ikkje klage på.

Over og ut!

lørdag 10. mars 2012

Huhei, her går det unna Gunnar!

No har me kome oss heile vegen til Nord-Trøndelag og Levanger! Det er dei glade vandrararne svært nøgde med. Me blei henta av Hilde, ei venninne av meg frå Øytun, oppe ved Innsvatnet. Etter ein god lunsj på Verdalsøra køyrte ho oss til Marita, røgning, musikkstudent og gledespike. Her skal me få bu eit par dagar og få fiksa ting og slappe av. Her er også provianten for neste etappe. Supert at ho tek imot oss med opne armar :)
Randi planlegg ruta vidare mot Sylan.

Trasking med pulk gjennom Bergstaden.
Flott morgon med utsyn mot Sylan.


Sylmassivet i ettermiddagssol.

Camp ved Nesjøen.



Her passerast svenskegrensa, Storlien og store mengder smågodt ventar!
Scooterleden gjorde susen!

Leif kjempar mot klabbeføret. 


Me starta opp i Røros for ei veke sidan, og det har gått radig heile vegen. Det var steikande sol, det rann vatn i vegane og me var litt bekymra for korleis forholda ville vere innover fjellet. Men etter eit kraftig vêromslag ved Olavsgruvene blei det kaldare og det vart etterkvart silkeføre. Fram til Væktarstua var Leif med oss. Han hadde hoppa på bussen frå Trondheim og var glad for å sleppe kjipt byvêr og forelesingar nokre dagar for heller å bli med Happy Campers på tur. Han hadde tatt med ei kjempegod sjokoladekake og stemninga var god!

Frå Vætarstua la me av garde opp mot Sylane. For eit skue! Me slo leir ved Nesjøen og hadde utsikt rett mot fjellmassivet, fantastisk. Me fauk avgarde over både Nesjøen og Esandsjøen sidan me hadde medvind i ryggen heile vegen. På Turistforeningshytta på Storerikvollen var det så triveleg at me fann ut at me like gjerne kunne ta ei natt der. Då fekk me tid til ein liten "topptur" og pensum. Etterkvart kom det fleire folk til hytta, triveleg at det er litt folk til fjells no. Det vart ein hyggleg kveld i lag med ein svensk kar og tre tyskarar.

Vidare gjekk ferda, fortsatt med silkeføre og vind i ryggen, mot Stordal og over til Teveltunet. Der kryssa me over til svensk side av grensa og havna opp i Storlien. Der handla me meir smågodt enn me kan ha godt av og sette av garde nordover etter dei svært godt merka scooterledane som går i Sverige. Me fann ut at det var like greit å halde svensk side dei neste dagane sidan terrenget var mykje slakare og det var garantert løyper der. I Storlien køyrte skipatrulja etter oss for å vere sikre på at me kom oss på rett løype nordover.

Etter løypene i dei svenske fjella gjekk det fort avgarde og me rakk berre å ha ein leir der. Men me skal nok passere grensa fleire gonger i løpet av turen og meir smågodt kjem me sikkert til å handle. Siste dagen før me kom oss til Innsvatnet i Nord-Trøndelag var vinden så sterk at me nytta oss av vindsekken som segl. Det var svært nyttig og motbakkane vart plutseleg ikkje så seige. Men det tok seg så opp at sekken måtte me pakke bort. Etter eit par mil kom me til Skalstugan som er ei triveleg fjellstove som ligg rett ved grensa. Der fekk me kaffi og smørgåsar og slapp undå den heftige vinden ei lita stund. Trivelege folk!
Rådyr til middag smakte svært godt!!

Leif er nøgd med å vera på tur igjen!

Die drei Musketiere.

Storerikvollen Turisthytte fungerte bra som lesesal.

Den trivelege svensken, Peter.

Gouvza står som regel for orienteringa.

Avvik ej från scooterleden!!

Denne etappa har vore av dei mest behagelege på heile turen, med til tider strålande vêr og eit silkeføre som me tidlegare berre har kunna draume om. Me håpar på fleire slike dagar i løpet av turen. Men no skal me fyrst kose oss her i Levanger og treffe litt kjente fjes. Synnøve og Anne Line tek turen frå Trondheim, kjempetriveleg! Ferda går vidare på laurdag!