mandag 13. februar 2012

35 dagar går fort


No er me heime i Valdres ein tur, 35 dagar etter at me starta frå Lindesnes. Det har vore skikkeleg stas å bli varta opp heime, men no kjenner me at fjella kallar, og det er på tide å vende nasen og skituppane nordover.


Etappa har vore prega av fin natur og greit ver. Me fekk testa GPSen etter Finse, då me gjekk over til Geiterygghytta i tjukk skodde og bakrus. Ekstra godt å koma fram på ein slik dag. Stor takk til Jan Eira som lånte bort hytta si ved Geiterygghytta!
I nedkøyringa til Iungdalshytta rauk pulkdraget til Randi (då ho for ei gongs skuld prøvde å ta det med ro i ein nedoverbakke), det er no teipa og spjelka.

Randi på trynet

Randi deigar seg på Geiterygghytta

Etappa frå Finse gjekk fort. Me bestemte oss for å bli henta på Hemsedalsfjellet, ei dagsetappe sør for Tyinkrysset. Åslaug hadde fått infeksjon i gnagsåra og måtte difor ta det med ro nokre dagar. Dette passa bra sidan me likevel skulle ta ei pause i Valdres. Her har me ete, fiksa småtteri og skrive geografioppgåver. Triveleg å helse på folk, og artig å høyre at så mange les bloggen vår! Tysdag eller onsdag ber det vidare.

Her er nokre blinkskot frå etappa Lindesnes - Valdres:

På Lindesnes - kongen ynskte oss god tur!

Setesdalsheier...

Håhelleren

Når ein ligg verfast nyttast tida til studering

Dagens antrekk: campsko (ajungliak), knevarmarar (mamma), stilongs (åsnes), ulltruse (snodig), ulljakke (åsnes), buff (vang sparebank), vøtta (norrønna). Hair and makeup: fråverande

 Hå(r)helleren

Det er noko grepa til vind - me lyt snu

Teltleir ved Taumevatn

Kveldskos

Snø og vind i Setesdalsheiene

...og der snudde vinden 90grader...

Laus snø før Bleskestadmoen

Vind + snø = skavlar som knekk

Morgonkaos går ann i finver

Morgonstund med gull i munn

 
Turistskaret 

Haukeliseter. Mat. Øl.

Teltet er også ein fin stad å liggje verfast

Så slår me til med kvart vårt knekkebrød

Tining av øl
Åslaug posar i fint lys

Åslaug posar framfor Hardangerjøkulen

 Mot Finse

 Kitarar
Skilting i fjellet - mellom Geiterygghytta og Kongshelleren 


 Pierre har også teke turen til fjells

 Pulkdrag type knukke og spjelka

Sol. Fint.

Litt moro ska'n ha det med nasepassaren

Pierre er stadig å treffe på i fjellet

Gnagsår

Gouvza

Søndag morgon reiste Åslaug til Kongsvinger for å hente det nyaste medlemet i Happy Campers. Det er den glade alaska huskyen Gouvza. Helene og Jon på Høiby Husky var så snille og ville låne bort denne flotte trekkhunden. Me håpar at alle tre blir gode vener, dette blir stas! Åslaug har vore mykje på tur med huskyar før, medan Randi har hatt mest selskap av border collien Kira.

Tusen takk, Høiby Husky!

Triveleg å treffe Jon og Helene igjen!

Det kjem nok fleire, betre bilete av beistet seinare.

Åslaug er nøgd med å ha fått med Gouvza heim!

fredag 10. februar 2012

Valdres Valdres vår eigen dal!

Gli på skia etter Hellevassbu

Etter 35 dagar i fjellet er me heime i Valdres!
Rart, men særs godt å koma heim ein tur!
No vert det ei helg med oppgåveskriving, kvile av Åslaug sitt gnagsår og anskaffelse av nytt pulkdrag for Randi. Meir om både gnagsår, pulkdragknekk, pannekaker med sjokolade og andre trivlege turhistorier kjem i løpet av helga - følg med!

Villrein før Finse

Det er sol og snø i Valdres også. Me kosar oss med mat og kvile (og pensum), og ser allereie fram til å setje i gang att! Neste etappe får me selskap av Marie, det vert kjekt!

fredag 3. februar 2012

Finse-fin

No har me hatt nokre fantastiske dagar der me har fått opplevd Hardangervidda på sitt beste. Godt å endeleg få slukt nokre kilometer og sjå sole. Det har vore kaldt mange av dagane og Åslaug har frose mykje på føtene, men magen til Randi er alltid varm!

Ved Hellevassbu var det Noreg på langs-treff, der møtte me att Håkon og Henrik, og Idun og Line som er på same ferda. Det var triveleg! Det har vore nokre netter i telt og det var godt å ta ei natt inne på Kjeldebu. Mellom Kjeldebu og Finse hadde me ei natt i telt der det snøga mykje. Det førte til tyngre føre i dag. Etter to timar brøyting møtte me ein kar på scooter. Han inviterte oss heim til seg på Finse, dei glade vandrararne var ikkje vonde å be. På veg ned til Finse møtte me ein svær flokk villrein, det var stor stas! Me møtte og på Noregs kjappaste pulktrekkjar som trente til pulkløp over Hardangervidda. No kosar me oss stort innandørs med ein herleg middag i magen. Artig å møte så mange trivelege folk!

I morgon ber ferda vidare til Geiterygghytta der me har neste depot. Det er kitehelg på Finse og veldig mykje folk her, så det skal bli godt å kome seg vidare.

onsdag 1. februar 2012

Flotte dagar over Hardangervidda

Etter nokre verfaste dagar i telt kom endeleg sola og godveret! Dei to siste dagane har dei hatt etappar på omkring 2 mil, med fine forhold. I går hadde dei ein heilt nydeleg dag, der dei såg både Hallingskarvet, Hardangerjøkulen og Hårteigen. I ettermiddag ankom dei DNT-hytta Kjeldebu, ikkje langt frå Finse, og ferda over Hardangervidda er snart over for denne gong. Om to-tre dagar reknar dei med å vere framme på Geiterygghytta ved Finse, der ein ny matrasjon ventar.

- Friviljugbloggar for HappyCampers, Synnøve

lørdag 28. januar 2012

Verfaste, men me kosar oss

I dag fekk eg denne meldinga av dei to glade vandrarar:

"No ligg me verfaste på tredje dagen, heile tre-fire km frå Haukeliseter... Me hadde pakka ein del i dag, og skulle til å gå, men då var sikta borte. Me pakka ut att og kraup ned i posane! Åslaug underheld med høgtlesning frå Nansen, me drøymer oss bort til betre ver og Nansen-mot. Alt står bra til, dagane går alt for fort, me kosar oss! Aldri har me vore så oppdaterte på nyhenda, særleg Telemark-nytt. Ståltråden er ei utmerkt radioantenne!:-)"

- Friviljugbloggar for HappyCampers, Synnøve

onsdag 25. januar 2012

Avreise frå fjellstøga

No er det på tide å fortsetje nordover!

Me har hatt eit par fine netter her på Haukeliseter, har fått fiksa ting me måtte få fiksa, og har fyllt opp magane til dei grader. Det er meldt ein del vind utover dagen og dei neste dagane, så me er spente på kor lang me kjem, men skal no starte på bakken utanfor her og ta det som det kjem. Pulkane er fyllt opp med mat og sjokolade, så me skal få det fint.

Yippi ja ja yippi yippi je!!