lørdag 10. mars 2012

Huhei, her går det unna Gunnar!

No har me kome oss heile vegen til Nord-Trøndelag og Levanger! Det er dei glade vandrararne svært nøgde med. Me blei henta av Hilde, ei venninne av meg frå Øytun, oppe ved Innsvatnet. Etter ein god lunsj på Verdalsøra køyrte ho oss til Marita, røgning, musikkstudent og gledespike. Her skal me få bu eit par dagar og få fiksa ting og slappe av. Her er også provianten for neste etappe. Supert at ho tek imot oss med opne armar :)
Randi planlegg ruta vidare mot Sylan.

Trasking med pulk gjennom Bergstaden.
Flott morgon med utsyn mot Sylan.


Sylmassivet i ettermiddagssol.

Camp ved Nesjøen.



Her passerast svenskegrensa, Storlien og store mengder smågodt ventar!
Scooterleden gjorde susen!

Leif kjempar mot klabbeføret. 


Me starta opp i Røros for ei veke sidan, og det har gått radig heile vegen. Det var steikande sol, det rann vatn i vegane og me var litt bekymra for korleis forholda ville vere innover fjellet. Men etter eit kraftig vêromslag ved Olavsgruvene blei det kaldare og det vart etterkvart silkeføre. Fram til Væktarstua var Leif med oss. Han hadde hoppa på bussen frå Trondheim og var glad for å sleppe kjipt byvêr og forelesingar nokre dagar for heller å bli med Happy Campers på tur. Han hadde tatt med ei kjempegod sjokoladekake og stemninga var god!

Frå Vætarstua la me av garde opp mot Sylane. For eit skue! Me slo leir ved Nesjøen og hadde utsikt rett mot fjellmassivet, fantastisk. Me fauk avgarde over både Nesjøen og Esandsjøen sidan me hadde medvind i ryggen heile vegen. På Turistforeningshytta på Storerikvollen var det så triveleg at me fann ut at me like gjerne kunne ta ei natt der. Då fekk me tid til ein liten "topptur" og pensum. Etterkvart kom det fleire folk til hytta, triveleg at det er litt folk til fjells no. Det vart ein hyggleg kveld i lag med ein svensk kar og tre tyskarar.

Vidare gjekk ferda, fortsatt med silkeføre og vind i ryggen, mot Stordal og over til Teveltunet. Der kryssa me over til svensk side av grensa og havna opp i Storlien. Der handla me meir smågodt enn me kan ha godt av og sette av garde nordover etter dei svært godt merka scooterledane som går i Sverige. Me fann ut at det var like greit å halde svensk side dei neste dagane sidan terrenget var mykje slakare og det var garantert løyper der. I Storlien køyrte skipatrulja etter oss for å vere sikre på at me kom oss på rett løype nordover.

Etter løypene i dei svenske fjella gjekk det fort avgarde og me rakk berre å ha ein leir der. Men me skal nok passere grensa fleire gonger i løpet av turen og meir smågodt kjem me sikkert til å handle. Siste dagen før me kom oss til Innsvatnet i Nord-Trøndelag var vinden så sterk at me nytta oss av vindsekken som segl. Det var svært nyttig og motbakkane vart plutseleg ikkje så seige. Men det tok seg så opp at sekken måtte me pakke bort. Etter eit par mil kom me til Skalstugan som er ei triveleg fjellstove som ligg rett ved grensa. Der fekk me kaffi og smørgåsar og slapp undå den heftige vinden ei lita stund. Trivelege folk!
Rådyr til middag smakte svært godt!!

Leif er nøgd med å vera på tur igjen!

Die drei Musketiere.

Storerikvollen Turisthytte fungerte bra som lesesal.

Den trivelege svensken, Peter.

Gouvza står som regel for orienteringa.

Avvik ej från scooterleden!!

Denne etappa har vore av dei mest behagelege på heile turen, med til tider strålande vêr og eit silkeføre som me tidlegare berre har kunna draume om. Me håpar på fleire slike dagar i løpet av turen. Men no skal me fyrst kose oss her i Levanger og treffe litt kjente fjes. Synnøve og Anne Line tek turen frå Trondheim, kjempetriveleg! Ferda går vidare på laurdag!

onsdag 29. februar 2012

Skotårsdag = kviledag

No har det gått eit par veker sidan vi starta opp igjen på Hemsedalsfjellet. Tida har gått veldig fort og vi har kome oss heilt til Røros. Vi hadde ein fin tur gjennom Jotunheimen med blant anna eit triveleg opphald hjå dronninga av Fondsbu, Solbjørg. Vi gjekk vidare over til Gjende og ut til Gjendesheim. Derifrå blei det hovudsakleg vegtrasking ned til Otta. Men det gjorde oss ingenting, for vêret var flott og vi traff mange trivelege folk. Ein merkar godt at det er vinterferietid. Det dukka også opp eit par journalistar frå Fjuken og GD.

Då vi kom oss til Otta venta det overnatting og mykje god mat heime hjå Anne Kristine og Jørn. Dei hadde også tatt vare på depoet vårt for etappa gjennom Rondane. Her venta også det nye teltet frå Hel Sport, Fjellheimen X-trem. Takk for det! Og Mange takk til "hotell Engen", det var triveleg å vera hjå dykk! Frå Otta fekk vi følge av Ole og Ine som har bidratt med flotte blogginnlegg og bilete. Det var stas å ha dei med! Vi tok farvel med dei på Folldal og fortsette ferda etter Femundløpsløype, skiløyper, scooterspor, bilveg og hesteløype til Røros. Dette var eit område vi absolutt ikkje hadde noko kjennskap til, men fekk gode råd på Grimsbu Turistsenter om ruta vidare. Der var det Siberian Husky-treff og vi telta rett ved løpstrasseen. Randi synest det var svært eksotisk å vakne opp til trekkhundløp rett utanfor teltduken.

Trivelege Bergstaden Hotell.

Blant anna trengte vi meir hundefor og menneskefor. Det fyrstnemte fekk vi tak i på hundebutikken Troll. Der var det ein triveleg kar som synest det var artig at vi var på langtur. Han sponsa oss like godt med hundefor for den neste etappa. Vi er heldige som treff på så mange gavmilde og hjelpsame folk! Det er så artig for folk tar stadig kontakt med oss og vil prate og hjelpe oss. Turen handlar mykje om det å oppleve naturen og dei flotte fjellområda, men alle menneska vi møter gjer turen ekstra spanande og innhaldsrik. No ser vi fram til turen vidare, dei fyrste dagane vil vi ha følge av av Leif, ein høg nordlending!

mandag 27. februar 2012

I medvind gjennom Rondane



Det finnes jo ingen bedre måte å bruke vinterferien sin på enn å bli med disse glade vandrerne på tur gjennom Rondane!  Jeg møtte Åslaug på Mysusæter tirsdag ettermiddag. Randi og Ole Lennart hadde tjuvstarta og gått i forveien inn til Rondvassbu.

Etter en god natts søvn, en god frokost og reparering av pulker satte vi kursen over Rondvatnet og mot Dørålseter. Rondane viste seg fra sin beste side i strålende vær! Utover dagen blåste det skikkelig opp, men med riktig vindretning fikk vi god hjelp ned mot Dørålseter.
Satte opp teltene et godt stykke nedenfor DNT-hytta, og resten av kvelden bød på god middag, dessert og ikke minst Ole Lennarts Quiz :)

I Folldal stoppet det mange hyggelige folk opp utenfor butikken for å prate, og Åslaug og Randi fikk mange gode råd og tips på sin ferd videre nordover. De fikk også erstattet sine noe ødelagte pulker her med to nye. I jakten på en teltplass i nærheten av sentrum (siden Ole L og jeg skulle ta bussen tidlig dagen etter), fikk vi tilbud av en veldig hyggelig og hjelpsom mann om å ligge i ei lita hytte på gården hans. Dette takket vi selvfølgelig ja til! Dagen etter var det tid for hjemreise for Ole L og meg, mens Åslaug og Randi satte kursen mot nord.


Åslaug tydelig fornøyd med at Randi fletter håret!

Princess Leia 

Rondvatnet

Se så fine fletter!

Randi deiger seg på Rondvatnet

Åslaug og Ole Lennart 

Sola takket for seg og ble bytta ut med vind...

...men med vinden i ryggen er Randi like glad!

Pause og mat må'n ha, sjøl med stiv kuling i vinkasta!

Camp Dørålseter

Teltkos

Good morning, Rondane!



Problemer med sviende røyk i øya ved bålet?
Ikke med disse Bollé slalombrillene!

"JA-sokken" eller "BRA-sokken"
Ja takk, begge deler, mener Åslaug!


Tusen takk for en strålende tur gjennom Rondane til Folldal! En sann fornøyelse å gå sammen med dere på denne flotte etappa fylt med mye godt humør og mye latter underveis! 

Kanskje jeg dukker opp på ei etappe lenger nord også. 
God tur videre, superdamer!! :)
- Gjesteblogger Ine

lørdag 25. februar 2012

Med gjesteopptreden gjennom Rondane

På etappa frå Otta til Folldal fekk mø besøk over Rondane! Ole Lennart, Ine og Tyri slo følge gjennom den eldste nasjonalparken vår, og dei tok med seg gøtt humør og flott vær!


Gouvza er spenna klar!

Sjekk av pulk etter nokon km langs E6 frå Otta

Randi er minst like klar

Men so oppstod det en isfront mellom vandrarane

Åslaug ser sitt snitt når Randi snur ryggen til. Har dei fått nok av kvarandre?

Neida, like gode venna

På Rondvassbu var der ei gruppe danskar som viste stor interesse for turen. Han som står hadde gått over Grønland tidligare, men synast jentene sin tur virka veldig fin!

Gouvza er først klar, igjen.

Lapping av pulk. Dei håpa på at der var nye i Folldal, og rett som det var, so var det det!
Ine har tydeligvis ikkje noko problem med sin pulk vertfall.

Rondvassbu

So var mø igang

Randi og Tyri




Jenter med pulk-klubben

Randi er gøtt nøgd med at det ikkje er ho som tryna denne gongen


Camp Dørålseter

Påskeføre på siste dagen gjennom Rondane


I Folldal, på leiting etter plass å campe, fekk mø tilbode om å overnatte i ei bud. Mø var ikkje vanskelig å be, og heller ikkje Gouvza.


Ole takkar jenten masse for turen, og far sin for lån av skisko. 

Det ser ut til at jenten har det storvegs på si ferd nordover, og det var ei sann glede å få slå følge på denne kremetappa! Masse klemmar vidare - Gjestebloggar Ole Lennart

fredag 17. februar 2012

Herleg opphald på Fondsbu

"No er opphaldet heime over for denne gong, og me fortsett nordover! Det har vore tre fine dagar sidan me starta opp att, med vind, litt sol og litt grått ver. På Fondsbu vart me tekne særs godt imot, og hadde eit herleg opphald der! I dag kom me fram til Memurubu, og har sett opp teltet i bjørkeskogen. Gouvza dreg, og har det bra! Me tenkjer å ta ein "Terje" å stake oss ned til Otta i morgon. Me får sjå korleis det går."

- Friviljugbloggar for HappyCampers, Synnøve