torsdag 22. desember 2011

Andre felles ferdaråd

I kveld fekk me til enda ei lita planleggingøkt. I romjula må øktene bli fleire og lengre, så får me nok alt på plass til slutt. Synnøve fekk med seg telt, dunjakke og soveposar frå Helsport heim til jul, då måtte me teste korleis vidunderet ser ut.

Her er heimen vår utpå nyåret.

Teltet er større enn Randi sitt, som me brukte på skituren vår i vår. Det blir godt med litt meir plass. Særleg å kunne sitja oppreist inni teltet, det sparar ryggen for mykje slit! Me får også betre plass i forteltet, både til skifting, matlaging og alt anna som måtte gå føre seg der.

HappyCampers seier tipp topp tommel opp.
 
Etter teltfjasinga gjekk tida snøgt. Alt me rakk var å sjå på kva type iPod som har lengst batterilevetid, og lage endeleg liste over dei karta me treng frå Lindesnes til Tyinkrysset. Det byrjar å haste med kart. Heldigvis er det i kjømda, om ikkje alt på ein gong. Me har fått god hjelp i kartplanlegginga av damene i Damer på langs, som gjekk turen i fjor vinter. Tusen, tusen takk!
 
Ja, her skal me få det fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar