fredag 11. mai 2012

Nordkapp - Målkapp - Sluttkapp


No er ein lang skitur ved vegs ende. Med eitt sto me ved havet, då var det slutt på skiføret.

Førre oppdatering kom frå Kautokeino. Derifrå fulde me Kautokeinoelva nordover. Eit par dagar var det mildt, og trått føre, og tanken om å sykle dei siste mila var freistande. Skiføret kan ikkje halde seg i slikt mildver tenkte me... Likevel fortsette me på ski, og over natta kom vinteren attende! Litt etter Lahpoluphhal fekk me selskap av Eirill, ei venninne av Åslaug frå tida i Alta. Ho hadde med gode rundstykker, herleg middagsmat, øl, og to hundar; Neida og Fundin. Eirill og Neida var med oss til dagen etter, medan Fundin vart med oss vidare nordover. Han er ein sterk fyr, eks-trekkhund, og var eit ivrigt medlem i team-HappyCampers. På same tid vart føret betre, og me susa av garde langs skuterløypene mot Iesjavri. I sørenden av denne innsjøen, som er Noreg sin sjette største, fekk me vår fyrste natt på barrabb, og sovna til rypelokk.

Vidare susa me til Jotka fjellstove, der ei anna venninne av Åslaug, Bianca, tok seg ein liten tur på besøk. Det var ho som lånte oss Fundin, og ville vel sjekke at me behandla han fint. Han sa han ville vere med oss vidare! Rett etter Jotka tok me ein tidleg kveld, for å starte opp att til natta. I solsteiken vert føret treigt utover dagen, så me ville prøve oss på skareføret til natta. I firetida var me i gang att, litt surt og kaldt var det, men for eit føre! I femtida sto sola opp, og turen gjennom Stabburdsdalen vart fantastisk. Me gjekk til Bastinggamma, der me kosa oss på kvar vår sengebrisk med fyr i ovnen. Starten frå Bastinggamma vart utsett og utsett, etter to netter kom me oss av garde. Frå Lektojavri kom me inn på skuterkøype att, det er lettvindt å ikkje tenkte så mykje på orienteringa.

Løypa fekk oss til Olderfjord, der me provianterte litt hjå den lokale butikken, og møtte mange trivlege folk som blant anna ga tips om vidare ruteval og informerte om isfiskekonkurranse dagen etter. Me gjekk opp til vatnet der isfiskekonkurransa skulle vere, og møtte dei same folka som me hadde snakka med på butikken. Dei hadde bora 105 hol og sett opp ein lavvo. Dei hadde stolar, bord og reinskinn som me fekk låne til campen vår på ein barrabb oppi bakken. Morgonen etter kom det skuter etter skuter, og det var over 100 menneske på isen. Ikkje rart når premien for største fisk er 10.000 kr! Det freista å bli med på konkurransa, men me laut fortsetje nordover.

Etappa over Porsangerhalvøya var av dei betre, med godt ver, greit terreng og fantastisk utsikt. Etter kvart kom me ned til Kåfjord, der Bianca var så snill å hente pulkane våre slik at me kunne gå dei siste dagane med sekk, sidan det vil bli noko trasking etter asfalt. Ho tok også med seg Fundin og Gouvza. Det var litt rart å sende frå seg Gouvza før Nordkapp, men slik vart det denne gongen.

For å koma oss ut til Magerøya gjekk turen gjennom Nordkapp-tunellen: 7km, 212 meter under havet. Det var uvant for føtene å gå på asfalt med sekk på ryggen, så det var godt å setje opp teltet på Magerøya. Neste morgon hadde me tenkt å gå beinvegen over fjellet, men veret var så ruskete at me bestemte oss for å følgje vegen om Honningsvåg. Frå parkeringsplassen ved Nordkapptunellen fekk me sendt sekkane og skia våre med ein italiensk bobil til Honningsvåg. Dei var veldig trivlege og hjelpsame, og sette tinga våre på bensinstasjonen. Der fylte me opp med pølse, is og kaffi før me heiv sekkar og ski på ryggen og traska vidare. Oppå fjellet vart det endeleg skiføre, føtene var glade for å koma seg på skia att. Utover dagen hadde veret vorte betre, sola skein og himmelen var blå. Utover kvelden vart skiføret berre betre og betre, under slike fantastiske tilhøve bestemte me oss for å gå heilt ut til Nordkapp, sjølv om me eigentleg skulle spare siste biten til dagen etter. I halv 12-tida om kvelden sto me ved globen og såg sola forsvinne i havet. Me sette opp teltet, lagde oss middag, og såg sola stå opp att nokre timar seinare.

Ein betre avslutning på ein lang skitur kunne me ikkje fått!


No kosa mø uss

Eirill dukka opp på Finnmarksvidda

Barrabb-lunsjing i sol, det likar me

Ein rutinert og avslappa, ein ny og meir gira

Kose, kose, kose - det vert aldri nok KOS

Bianca dukka opp på Jotka

Øl smakar utruleg godt på tur, takk Bianca!

To staute gutar og gode turkameratar

Fundin tek livet med ro

Her går det unna på skareføre

Randi les seg opp på Stabburdsdalen nasjonalpark

Pierre har fått besøk av Jean Paul 

Bikkjene synest også at vegvalet til Randi ikkje var det beste.

Bastinggamma

Bastin-toast- NAM!
Fjellpurk. Pass dykk, dei er overalt.

Havet

Knallgodt reinskjøt!


Fantastisk skiføre!
<>
Sjå kva me dreg rundt på, artig kva som dukkar opp når du løftar opp pulkbaggen! Ikkje rart det kan bli litt tungt til tider...


Finnmark er heilt ok.
Gissekonkurranse: kva er dette?
Svaralternativ: motorolje, jäger, cola på farrisflaske eller fjellvatn frå Finnmark

Kulaste camp

Behageleg liv

Åslaug lærer samane å tenne bål

Ho forklarar korleis ho fekk det til, med berre to fyrstikker! Dei er imponert.

Mykje folk på isfiskekonkurranse
<>
Me fyller opp bilen til Bianca i Kåfjord.
"Heihei hurra, no skal eg vandre under havet"
Italiensk besøk i teltet

<>
I Honningsvåg fann me ut at me hadde blitt filma av eit kamerateam heile vegen, og dei har laga eit populært fjernsynskonsept ut av turen vår: 71 grader nord.
Tøy litt - så klarar du 31 km til
<><><><><><><><><><><>
Det går fort avgarde...
... og Nordkapp nærmar seg

Skiføre på Magerøya
<><><><><><><><><><><>
Happy Campers
Mannen må jo få ski, det er framleis vinter! 

Skiføre

Kveldsstemning på Nordkapp 07.05.2012

Fin leirplass

<><><><><><><><><><><>
Gouvza fann seg nye vener i Alta og fann ut at han ville bli att i hundegarden til Hanne Marie og Alexander. Der kjem han til å få det veldig fint!
<><><><><><><><><><><>
Mykje turutstyr skal avgarde.
<><><><><><><><><><><>
Sad Camper #1
<><><><><><><><><><><>
Sad Camper #2