lørdag 28. januar 2012

Verfaste, men me kosar oss

I dag fekk eg denne meldinga av dei to glade vandrarar:

"No ligg me verfaste på tredje dagen, heile tre-fire km frå Haukeliseter... Me hadde pakka ein del i dag, og skulle til å gå, men då var sikta borte. Me pakka ut att og kraup ned i posane! Åslaug underheld med høgtlesning frå Nansen, me drøymer oss bort til betre ver og Nansen-mot. Alt står bra til, dagane går alt for fort, me kosar oss! Aldri har me vore så oppdaterte på nyhenda, særleg Telemark-nytt. Ståltråden er ei utmerkt radioantenne!:-)"

- Friviljugbloggar for HappyCampers, Synnøve

onsdag 25. januar 2012

Avreise frå fjellstøga

No er det på tide å fortsetje nordover!

Me har hatt eit par fine netter her på Haukeliseter, har fått fiksa ting me måtte få fiksa, og har fyllt opp magane til dei grader. Det er meldt ein del vind utover dagen og dei neste dagane, så me er spente på kor lang me kjem, men skal no starte på bakken utanfor her og ta det som det kjem. Pulkane er fyllt opp med mat og sjokolade, så me skal få det fint.

Yippi ja ja yippi yippi je!!

tirsdag 24. januar 2012

Frå Ljosland til Haukeliseter i flatt lys, lavande snø, strålande sol og heftig vind


No sit me endeleg på Haukeliseter Fjellstove og er rett nøgde med å ha kome så langt! Me kom fram i går kveld og fekk servert kjøttkaker og pils, stor stas, stemninga var munter. I dag fekk me besøk av Elise som var så snill og køyrde oss til Åmot City (takk til Lene og Jacob for lån av bil) der me fekk tak i naudsynt proviant og manglande utstyr. Der møtte me på den lokale heltinna Elin som blei med oss opp til Haukeliseter. Veldig triveleg å treffe på kjentfolk!

Etappa hit har vore utruleg fin, men seig og krevjande. Me har vorte utfordra av vêr og føre, og me har testa orienteringskunnskapen vår. Etter tre dagar på ski kom me oss til Håhellerhytta. Der måtte me inn å turke utstyr etter ei mild natt med regn. Her vart me sitjande vêrfast i tre dagar på grunn av stiv kuling. Då fekk me jobba med pensum og spelt mange runder Yatzy.

Då vinden løya gjekk me vidare og me fekk endeleg slukt nokre kilometer. Det var godt å verkeleg kome i gang. Randi fekk vondt i akillesar, men vidunderpiller og gode råd om helkappar ser ut til å løyse problemet.

Det har vore varierande terreng, småkuppert og mykje ned i dalar og opp på høgfjellet. Det flate lyset har ført til at det har vore vanskeleg å sleppe seg ut for bakkane og me hugsar berre motbakkane. Fyrste etappe gjekk veldig fint på alle måtar sjølv om det tok ein del meir tid enn venta. No ser me verkeleg fram til Hardangervidda etter ein herleg kviledag her på Haukeliseter.

Me er så heldige som får leve turlivet, me kosar oss!


lørdag 7. januar 2012

Ljosland



No har me ete middag på Ljosland fjellstove, og er glade for å skulle byte ut syklar med ski i morgon. Rumpa har fått køyrt seg, men det var godt å få slukt nokre mil.

Dagen starta med kaffi og frukost hjå familien som me lånte teltplass hjå. Dei var tyske og hadde budd i Noreg i fem år. Det var stor stas! Randi vart ven med Ole-Thor på seks år.

Syklinga har gått radigt i dag. Fint terreng og godt ver. I lunsjpausa testa me vindsekken, den er god å ha.

På Ljosland møtte me ein tysker med same plan som oss. Triveleg å utvelske planer. Me sykla også forbi ein hund og to sekkar i dag, som me trur tilhøyrer nokre karar frå Vinstra. Folksomt på veg til Nordkapp...

No skal me ut å setje opp teltet, det vert mamma, Kari, si siste natt med oss før ho køyrer attende til Vang. Tusen takk for transport og følgebilsørvis!

Me er spente på føret, isen er ikkje trygg, så det kan bli vanskeleg å følge dei vanlege vinterløyene.

No har me også ait innlegg i hytteboka til Åsnes, ta gjerne ein titt på det.

fredag 6. januar 2012

Endeleg i gang

Randi og Åslaug verkar lykkelege over og endeleg vere i gang med fyrste etappe. Dei ankom Lindesnes i fantastisk vær. Der møtte dei fyrvoktaren, som skulle leggje ut ein notis om dei på heimesida til Lindesnes fyr. Og sjølvsagt tok dei bilete, som det sikkert blir moglegheiter for å sjå etterkvart.

Frå Lindesnes sykla dei til Vigeland, via Konsmo til Sveindal. Dagens etappe har vore på ca 8 mil. Og i morgon gjenstår ca 4 mil, før syklane skal bytast ut med ski. Det har vore fantastisk å sykle med nye piggdekk på syklane, noko som vart ordna på vegen ned til Lindesnes i går.

No har dei glade vandrarane sett opp fyrste camp på turen, og teltet står plassert ved ein garasje. Mamma Kari har vore med som fylgjebil, så i kveld har dei laga middag saman på primus. No var dei klare til å leggje seg i teltet, drikke ein kopp te, lese og sove, før andre og siste etappe på sykkel i morgon.

- Friviljugbloggar for HappyCampers, Synnøve

onsdag 4. januar 2012

Siste småting og siste pakking

Er alt på plass? Tanken surrar i hovudet. Har me passe mykje mat, klede, fyrstehjelpssaker, pensum, tannkrem, batteri...? Alt som står på pakkelista er pakka, då skal det vere i orden. Så vert det spanande å sjå om pakkelista stemmer overeins med behova.

Me reknar med å vere framme på Lindesnes i morgon kveld, og starte syklinga mot Ljosland på fredag. Me håpar å koma fram til Ljosland på laurdag, og byte til ski på syndag. Mamma er med som følgebil, noko som gjer logistikken med sekkar, ski og pulkar til Ljosland, og retur av syklar mykje lettare.

I går vart me intervjua på opplandsradioen, hurra! Ho Elin sa at me kunne ringe undervegs på turen, så kanskje det vert meir HappyCampers på radioen. På heimesidene til Vang Sparebank ligg me på framsida, som "turjentene" - stor stas! Eli har intervjua oss og vil legge ut dette litt etter kvart, i tillegg skal me sende inn turbrev!

Følg med på spot-signala, på adressa i venstre hjørne, då ser de kvar me er.


HappyCampers speidar - mot nord?

tirsdag 3. januar 2012

Se oftere mot nord
gå mot vinden,
du får rødere kinn
finn den ulendte stien.
Hold den.
Den er kortere.
Nord er best.
Vinterens flammehimmel.
Sommernattens solmirakel.
Gå mot vinden.
Klyv berg.
Se mot nord.
Oftere.
Det er langt dette landet.
Det meste er nord.

Rolf Jacobsen

mandag 2. januar 2012

Matpakking

No har me pakka (nesten) ferdig dei depota me etter kvart skal sende ut, og fått handla (nesten) alle dei siste småtinga me treng. Me er framleis på jakt etter eit snertent termometer, sveiveradio og nokre andre småting. Me får sjå om me finn det i morgon.

Matmatmat - og pulk, bensin og anna småtjafs

HappyCampers har handla mat, mykje mat, og er nøgde med det

I dag tok me oss ein tur til Ryfoss for å hente kart på posten, og til Vang for å handle mat. Me var også ein tur oppom Intersport på Filefjell, der me fekk 30% rabatt på det me handla, tusen takk for det! Handleturane tek litt ekstra tid når avstandane er lange, men det er berre å bruke køyretida på noko artig eller som avslapping. Me trur me har god oversikt over utstyr no, men det vert spanande å sjå om me har fått med oss alt me treng når turen set i gang.

Mamma pakkar ut teposar - her skal det ikkje berast mykje ekstra

I dag (mondag) er det gjort eit lite intervju med oss i Oppland Arbeiderblad! Hurra! Bileta er frå ein skitur me gjekk før påske i fjor, innom alle seks Valdres-kommunane. Det er artig å få litt merksemd kring turen, særleg no som det snart brakar laus.

Randi

søndag 1. januar 2012

2012

No er me inne i eit nytt år, det året me skal på skitur!

Dei siste dagane har me fiksa, ordna og styra. Blant anna har me handla mat på 50% hjå Domus på Fagernes (dei skulle selje ut alt før nyttår). "Det var litt av en handlekorg" sa dama frammom oss i køa. Me skal på litt av ein tur fekk ho til svar, og me fortalte at turen går frå Lindesnes til Nordkapp. "Bare dere to?" - ja, berre oss to. "Dere må vere tøffe" meinte ho.

Elles har me pakka depot. Eit par av dei er sendt av garde, og fleire er i kjømda. Matmatmatmat: frukost, lunsj, middag og snacks, bensin, og anna småtjafs. Planen er å reise sørover på onsdag, 4. jan, og å starte turen torsdag, 5. jan. Det er heilt supert at Mamma (til Randi) kunne køyre oss til Lindesnes, det gjer transport-logistikken ein del enklare for oss.

I morgon kan me prøve å hugse å legge ut nokre bilete. :-)