onsdag 25. januar 2012

Avreise frå fjellstøga

No er det på tide å fortsetje nordover!

Me har hatt eit par fine netter her på Haukeliseter, har fått fiksa ting me måtte få fiksa, og har fyllt opp magane til dei grader. Det er meldt ein del vind utover dagen og dei neste dagane, så me er spente på kor lang me kjem, men skal no starte på bakken utanfor her og ta det som det kjem. Pulkane er fyllt opp med mat og sjokolade, så me skal få det fint.

Yippi ja ja yippi yippi je!!

4 kommentarer:

  1. Her er det noko som ikkje stemmer. De la ut frå støga klokka fem over to i natt? Neppe;) Men god tur. Hugs å grave dykkk ned i tide! Det er ingen skam å snu, heller ikkje å kose seg med sjokolade:)Lykke til!

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur ikkje klokka stemmer heilt... Denne gongen hadde me nok sjokolade, og kosa oss med te og sjokolade opp til fleire gonger om dagen :-)

      Slett
  2. Så artig å lese om turen dikkas!! Høyres heilt fantastisk ut, håpar været snart vert betre! God tur vidare :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, så moro at du les blogg! Takk! Gje ein lyd om du vil vere med ein bit. :-)

      Slett