Randi og Åslaug verkar lykkelege over og endeleg vere i gang med fyrste etappe. Dei ankom Lindesnes i fantastisk vær. Der møtte dei fyrvoktaren, som skulle leggje ut ein notis om dei på heimesida til Lindesnes fyr. Og sjølvsagt tok dei bilete, som det sikkert blir moglegheiter for å sjå etterkvart.
Frå Lindesnes sykla dei til Vigeland, via Konsmo til Sveindal. Dagens etappe har vore på ca 8 mil. Og i morgon gjenstår ca 4 mil, før syklane skal bytast ut med ski. Det har vore fantastisk å sykle med nye piggdekk på syklane, noko som vart ordna på vegen ned til Lindesnes i går.
No har dei glade vandrarane sett opp fyrste camp på turen, og teltet står plassert ved ein garasje. Mamma Kari har vore med som fylgjebil, så i kveld har dei laga middag saman på primus. No var dei klare til å leggje seg i teltet, drikke ein kopp te, lese og sove, før andre og siste etappe på sykkel i morgon.
- Friviljugbloggar for HappyCampers, Synnøve
Bra oppdatering, Synnøve! Prata med Randi i går, og det verka som om humøret var på topp! Spent på å høyre fortsetjinga :-)
SvarSlettSpennende å følge med! Håper dere fortsatt har det bra:)
SvarSlettSTILIG!! Vil bare minne dere på en ting i god dugnadsånd - knips bilder av DNT-hyttene dere passerer på turen, særlig de små. Så har dere plutselig gratis overnatting når teltlivet begynner å røyne på:
SvarSletthttp://www.turistforeningen.no/form2.php?form=hyttebilder
GOD TUR:-)