tirsdag 17. april 2012

"Norje på längden går snabbare i Sverige!"

No er Happy Campers i Abisko i Nord-Sverige. Ein fantastisk flott plass som er utgangspunktet for mange flotte turar i fjella her. På Turiststasjonen venta det pakke heimanfrå med mat og nye pensumböker for vegen vidare. Her skulle me også hente nokre kart for områda nordover, men dei var desverre ikkje komne. Så no sit me og funderar på korleis me skal löyse det. Men fyrst litt om den siste etappa!

Me kom igang frå Daja när Sulitjelma og sette kursen mot riksgrensa. Det var knallfint vêr, men etter å ha klatra opp nokre heftige bakkar opp mot Låmivatn på hardbanka scooterspor, kom den endelause laussnöen. Det var temmeleg tungt å gå i og me var glade då turisthytta i Ny-Sulitjelma var i sikte. Det blei ei natt der. Opp frå hytta venta det endå brattare bakkar i endå djupare nysnö, men nordover skulle me, så det var berre å bruke tida til hjelp. Dette var også ein strålande dag, så å baske i snöen i fleire timar gjorde oss ingen ting! Det var fantastisk å gå mellom Sulitjelma-fjella og Blåisen over til Sorjusvatnet. Der var det endå ei hytte, Sorjushytta. Dette var ei nyoppfört DNT-hytte, kanskje den finaste me har vore innom. Så det blei heile to netter der. Godt med ein kviledag! Også kom det innom fleire trivelege folk, blant anna eit triveleg par frå Narvik som ga oss gode tips om ruta vidare. Me fölgte Padlejanta-leden innover Sverige gjennom Padlejanta nasjonalpark. Mykje grått vër, men föret var av det betre me har vore borti så etter tre dagar kom me til Ritsem. Der gjekk det heldigvis an å kjöpe meir mat, for det var noko me mangla.

Vidare gjekk turen opp til Hukejaure etter scooterleden i knallvër, så orientering blei ikkje ei utfordring. Då såg me tilbake på dei flotte fjella i Stora Sjöfallet
Nasjonalpark, litt av eit skue! Frå Ritsem hadde me planlagt å bruke fem dagar til Abisko, men föret var så herleg at etter tre dagar var me plutseleg framme. Skulle gjerne brukt meir tid oppe i desse fjellområda, men om me vil rekke eksamen og oppgåveskriving og nå Nordkapp, må me nesten pröve å halde oppe farten. Me skal nok uansett tilbake hit! Nord-Sverige kan anbefalast på det varmaste.

No har me handla inn mat og feita oss opp, og om kartproblemet löyser seg ber det straks vidare over Torneträsk og inn mot Finnland. Neste stopp er Kautokeino.

Her er litt bilete frå siste halvdel av turen:

Kakemonsteret på Viermahytta

Lommelerka måtte fram for å feire at me omsider var komne til Nordland!

Viktig å lytte til erfarne fjellfolk- her med oppsynsmannen i Börgefjell.

Her syner Randi oss skavlen ho datt ned... 

...då var det like greit å sette leir for kvelden!

Teltkos

Primusen blei mykje brukt til turking av klede.

Endeleg klarvêr og flotte forhold i Börgefjell!

Ut å fjerne snö frå teltveggane.

Flott og vindfull morgon!

Randi hadde bursdag, og det blei feira!

Full fest i villaen.

Gouvza fekk kose seg med Rihanna. 

Overvatn på Rössvatn.

Men i Steikvasselva venta den flotte hytta til Sondre- stas!

Tor Inge lånte oss stabburet i Umbukta!

Randi speidar etter spor vidare mot Saltfjellet.

Gouvza i full fart mot Graddis.

Ny-Sulitjelma

Camparar i solnedgang.

Samelandsby etter Padlejantaleden.

Åslaug pröver å forklare Gouvza at hundar ikkje skal liggje i sengene.

Endeleg kan fellene byttast ut med skismöring.

Meditasjon ved Abiskojauvre.

Glade vandrarar ved Stora Sjöfallet.

z
I Abisko kunne me sende heim ein stor bunke kart.

3 kommentarer:

  1. Veldig lei meg for at kartene ikke kom frem til dere! Typisk at posten skulle svikte nå! Håper dere får nye kart snart og at turen videre går fint, flinkinger! Nyt sjarmøretappen! Stor klem fra Lise

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser dere har fått farge i kinna. Misunner dere som ennå er ute på tur. Lengere dager nå enn da jeg traff dere på Kongshellern. Kos dere. Dere bør prøve middagen på Jotka fjellstue. Anbefales !

      Slett
    2. Heisann Terje! Fy flate du var kjapp altså, gratulerer! Du fekk vel tid til ein ferie i Spania også før du var tilbake på jobb? Me har hatt ein flott tur og det er litt rart at det er over! No er det tilbake til skulebenken!

      Slett