HappyCampers
torsdag 6. september 2012
Foredrag 8. september
Vil du høyre meir om turen til HappyCampers? Kom til Fondsbu kl. 16.00, laurdag 8. september!! Me gledar oss :-)
fredag 11. mai 2012
Nordkapp - Målkapp - Sluttkapp
No er ein lang skitur ved vegs ende. Med eitt sto me ved havet, då var det slutt på skiføret.
Førre oppdatering kom frå Kautokeino. Derifrå fulde me Kautokeinoelva nordover. Eit par dagar var det mildt, og trått føre, og tanken om å sykle dei siste mila var freistande. Skiføret kan ikkje halde seg i slikt mildver tenkte me... Likevel fortsette me på ski, og over natta kom vinteren attende! Litt etter Lahpoluphhal fekk me selskap av Eirill, ei venninne av Åslaug frå tida i Alta. Ho hadde med gode rundstykker, herleg middagsmat, øl, og to hundar; Neida og Fundin. Eirill og Neida var med oss til dagen etter, medan Fundin vart med oss vidare nordover. Han er ein sterk fyr, eks-trekkhund, og var eit ivrigt medlem i team-HappyCampers. På same tid vart føret betre, og me susa av garde langs skuterløypene mot Iesjavri. I sørenden av denne innsjøen, som er Noreg sin sjette største, fekk me vår fyrste natt på barrabb, og sovna til rypelokk.
Vidare susa me til Jotka fjellstove, der ei anna venninne av Åslaug, Bianca, tok seg ein liten tur på besøk. Det var ho som lånte oss Fundin, og ville vel sjekke at me behandla han fint. Han sa han ville vere med oss vidare! Rett etter Jotka tok me ein tidleg kveld, for å starte opp att til natta. I solsteiken vert føret treigt utover dagen, så me ville prøve oss på skareføret til natta. I firetida var me i gang att, litt surt og kaldt var det, men for eit føre! I femtida sto sola opp, og turen gjennom Stabburdsdalen vart fantastisk. Me gjekk til Bastinggamma, der me kosa oss på kvar vår sengebrisk med fyr i ovnen. Starten frå Bastinggamma vart utsett og utsett, etter to netter kom me oss av garde. Frå Lektojavri kom me inn på skuterkøype att, det er lettvindt å ikkje tenkte så mykje på orienteringa.
Løypa fekk oss til Olderfjord, der me provianterte litt hjå den lokale butikken, og møtte mange trivlege folk som blant anna ga tips om vidare ruteval og informerte om isfiskekonkurranse dagen etter. Me gjekk opp til vatnet der isfiskekonkurransa skulle vere, og møtte dei same folka som me hadde snakka med på butikken. Dei hadde bora 105 hol og sett opp ein lavvo. Dei hadde stolar, bord og reinskinn som me fekk låne til campen vår på ein barrabb oppi bakken. Morgonen etter kom det skuter etter skuter, og det var over 100 menneske på isen. Ikkje rart når premien for største fisk er 10.000 kr! Det freista å bli med på konkurransa, men me laut fortsetje nordover.
Etappa over Porsangerhalvøya var av dei betre, med godt ver, greit terreng og fantastisk utsikt. Etter kvart kom me ned til Kåfjord, der Bianca var så snill å hente pulkane våre slik at me kunne gå dei siste dagane med sekk, sidan det vil bli noko trasking etter asfalt. Ho tok også med seg Fundin og Gouvza. Det var litt rart å sende frå seg Gouvza før Nordkapp, men slik vart det denne gongen.
For å koma oss ut til Magerøya gjekk turen gjennom Nordkapp-tunellen: 7km, 212 meter under havet. Det var uvant for føtene å gå på asfalt med sekk på ryggen, så det var godt å setje opp teltet på Magerøya. Neste morgon hadde me tenkt å gå beinvegen over fjellet, men veret var så ruskete at me bestemte oss for å følgje vegen om Honningsvåg. Frå parkeringsplassen ved Nordkapptunellen fekk me sendt sekkane og skia våre med ein italiensk bobil til Honningsvåg. Dei var veldig trivlege og hjelpsame, og sette tinga våre på bensinstasjonen. Der fylte me opp med pølse, is og kaffi før me heiv sekkar og ski på ryggen og traska vidare. Oppå fjellet vart det endeleg skiføre, føtene var glade for å koma seg på skia att. Utover dagen hadde veret vorte betre, sola skein og himmelen var blå. Utover kvelden vart skiføret berre betre og betre, under slike fantastiske tilhøve bestemte me oss for å gå heilt ut til Nordkapp, sjølv om me eigentleg skulle spare siste biten til dagen etter. I halv 12-tida om kvelden sto me ved globen og såg sola forsvinne i havet. Me sette opp teltet, lagde oss middag, og såg sola stå opp att nokre timar seinare.
Ein betre avslutning på ein lang skitur kunne me ikkje fått!
Ein betre avslutning på ein lang skitur kunne me ikkje fått!
No kosa mø uss
Eirill dukka opp på Finnmarksvidda
Barrabb-lunsjing i sol, det likar me
Ein rutinert og avslappa, ein ny og meir gira
Kose, kose, kose - det vert aldri nok KOS
Bianca dukka opp på Jotka
Øl smakar utruleg godt på tur, takk Bianca!
To staute gutar og gode turkameratar
Fundin tek livet med ro
Her går det unna på skareføre
Randi les seg opp på Stabburdsdalen nasjonalpark
Pierre har fått besøk av Jean Paul
Bikkjene synest også at vegvalet til Randi ikkje var det beste. |
Bastinggamma
Fjellpurk. Pass dykk, dei er overalt.
Havet
Knallgodt reinskjøt!
Fantastisk skiføre!
Sjå kva me dreg rundt på, artig kva som dukkar opp når du løftar opp pulkbaggen! Ikkje rart det kan bli litt tungt til tider... |
Gissekonkurranse: kva er dette?
Svaralternativ: motorolje, jäger, cola på farrisflaske eller fjellvatn frå Finnmark
Kulaste camp
Behageleg liv
Åslaug lærer samane å tenne bål
Ho forklarar korleis ho fekk det til, med berre to fyrstikker! Dei er imponert.
Mykje folk på isfiskekonkurranse
"Heihei hurra, no skal eg vandre under havet"
Italiensk besøk i teltet
I Honningsvåg fann me ut at me hadde blitt filma av eit kamerateam heile vegen, og dei har laga eit populært fjernsynskonsept ut av turen vår: 71 grader nord. |
Tøy litt - så klarar du 31 km til
... og Nordkapp nærmar seg
Skiføre på Magerøya
Mannen må jo få ski, det er framleis vinter!
Skiføre
Kveldsstemning på Nordkapp 07.05.2012
Fin leirplass
Gouvza fann seg nye vener i Alta og fann ut at han ville bli att i hundegarden til Hanne Marie og Alexander. Der kjem han til å få det veldig fint! |
torsdag 26. april 2012
Turmat
Før turen kom det førespurnadar om me kunne skrive litt om mat på tur. No har me fått laga mykje mat på tur, og kjem gjerne med tips.
Til frukost har me levd på havregraut, ei blanding av havregryn, fruktmüsli, rosiner, turrmjølk. Det funkar bra, og held oss mette passe lenge. Me må ha sukker og kanel på, og fann ut at litt salt gjer grauten ekstra god. Me føretrekk kokande vatn i grauten. Litt turka frukt og nøtter piffar opp frukosten. No skal me prøve rummegraut eit par frukostar, det vert spanande!
Lunsjmaten består som regel av rugbrød med ymse pålegg og ei rett i koppen-suppe eller te. Har me bål kosar me oss med ostesmørbrød. I løpet av dagen snackar me på nøtter, kjeks og sjokolade.
Til middag har me ete mykje rart. Det er artig å kunne ha variert og spanande mat, men har funne ut at det enkle ofte er like godt, dvs supper med potetmos og kjøt. Me har vald å lage maten sjølv, og har enda ikkje ete real turmat. Det er litt kos i å lage seg mat, og det er mykje billigare.
Forslag til middag frå HappyCampers middagsliste:
- Potetmos med tacopulver og kjøttbollar
- Gul ertesuppe med makaroni, potetmos og salami
- Pasta carbonara frå knorr med bacon (vår favoritt!)
- Rummegraut med spekemat
- Ymse gryter med ekstra pasta og ymse kjøt
- Ymse supper med makaroni og potetmos og kjøt
Av os til piffar me opp med litt kvitlauk eller solturka tomat. Me har også eigen kryddermix som smakar godt på det meste.

Sjokolade, potetgull og kappusjino

Eigentleg føretrekk me buffet i Kilpis
Kautokeino-kule
Etter å ha gått gjennom både Sverige og Finland er me attende i Noreg, Finnmark, Kautokeino!
Frå Abisko har me brukt ni dagar på turen til Kautokeino. Etter ein del fiksing og styring for å ordne med dei karta me mangla var det langt på dag før me gjekk frå Absiko. Me kom oss halvegs over innsjøen Torneträsk, og søv midt utpå isen. Ein fantastisk kveld med nydeleg klarver. Nesta dag gjekk me til enden av "Träsken", og kom i land ved ein fråflytta landsby. Der sto det ein mann på ein veranda som me kom i prat med. Han ba oss inn på kaffi og kaker! Han hadde vekse opp der, men brukte no huset berre som feriestad. No venta han på ei gruppe hundespann frå Noreg, dei kom rett før me gjekk. Når ein er på ein liten plass i Nord-Sverige forventar ein ikkje å møte kjenstfolk, men ei av dei som var med å køyrde hundespann var Anna, som Åslaug kjenner frå Alta! Det er triveleg å treffe kjenstfolk!
Vidare fulde me skuterled over flate vidder til Keinovoupio. Der hadde me fått tips om å kontakte Sixten, han kunne sikkert hjelpe oss med transport til Kilpis, der me skulle hente kart. Han hadde besøk av finnen Tommii, som skyssa oss til Kilpis, der me fann ut at karta me hadde bestilt ikkje var kome. Dette var på kvelden og butikkane stengte, så me fekk prøve att neste dag. om kvelden sette Tommii opp telt-saunaen sin for oss, slik at me fekk vaska oss litt. Dagen etter haika me til Kilpis. Det ordna seg med kart på turistsenteret, ein kobinasjon av finske turkart og nokre utskrifter frå Godtur.no. Så åt me oss gode og mette på ein herleg buffet, før me fekk oss skyss attende til Keinovoupio med ein same frå Skibotn.
Etter styret med å få tak i rett kart var det langt på dag, og me drøya vandringa til dagen etter. Då fulde me skuterled til Sarikoski, og tok norover i dei Finske viddene. Her har me gått litt omvegar for å følge mest mogleg skuterspor, for snøen er ganske laus og røtin. Me hadde turens kanskje varmaste dag på veg mot Hirvassvoupio, me kunne vrenge av både jakker, bukser, ulltrøyer og stilongar! Me håpar på fleire slike dagar før Nordkapp. I Hirvassvoupio står det ei triveleg tømmerkoie, der overnatta me før me forsette mot Noreg. Mellom skuterspora slutta i Finlnd til dei starta att i Finnmark var det om lag ei mil. Her var føret veldig dårleg, med mykje røtin snø. Gleda var stor når me kraup under gjerdet til Noreg, og turens siste fylke, Finnmark! Gleda var også stor då me fann kvistaløype frå Goappluball mot Kautokeino.
Det byrjar å bli vår, det merkar me på snøføret og istilhøve. I morgon fortsett me langs elva nordover. Til Nordkapp er det om lag 350km.
Her er nokre bilete sidan sist:

Randi i heftige forhandlingar med finne (på svorsk-engelsk) om kart vidare frå Kilpis
Abisko - B-bisko
Sinksalvetuba får køyrd seg på Träsken
Teltleir på Torneträsk
Anna strikes a pose ved sleden
Hundekøyrar Tom Frode og den trivelege svensken, me trur han heiter Sven
Me har gått gjennom eit rakettskytefelt
Skoterpolisen passar på at me føljer leden
Teltidyll
Åslaug var særs nøgd med å verte rein etter sauna
Stopping, det skjer ofte
Randi har fått seg ein finsk venn - Ola
Kvar går vegen vidare, i Finland var me svært usikre på korleis me skulle ta oss over til Kautokeino
Cowdogstrekk
Randi deigar seg gjennom Finland
Sjølvutløysar ved Hirvassvoupio
På veg til Noreg
Gouvza forserar grensa
HappyCampers er happy for å vere i Noreg att
To gode vener kozzzzzar
Våren har kome til Kautokeino, håpar skiføret held litt til
Åslaug på Juhl's
Randi og Gouvza framfor Juhl's
Takk til Kautokeino kommune for lån av PC! Randi håpar dette kvalifiserar til fast ansetting...
Abonner på:
Innlegg (Atom)