torsdag 26. april 2012

Turmat

Før turen kom det førespurnadar om me kunne skrive litt om mat på tur. No har me fått laga mykje mat på tur, og kjem gjerne med tips.

Til frukost har me levd på havregraut, ei blanding av havregryn, fruktmüsli, rosiner, turrmjølk. Det funkar bra, og held oss mette passe lenge. Me må ha sukker og kanel på, og fann ut at litt salt gjer grauten ekstra god. Me føretrekk kokande vatn i grauten. Litt turka frukt og nøtter piffar opp frukosten. No skal me prøve rummegraut eit par frukostar, det vert spanande!

Lunsjmaten består som regel av rugbrød med ymse pålegg og ei rett i koppen-suppe eller te. Har me bål kosar me oss med ostesmørbrød. I løpet av dagen snackar me på nøtter, kjeks og sjokolade.
Sjokolade, potetgull og kappusjino

Til middag har me ete mykje rart. Det er artig å kunne ha variert og spanande mat, men har funne ut at det enkle ofte er like godt, dvs supper med potetmos og kjøt. Me har vald å lage maten sjølv, og har enda ikkje ete real turmat. Det er litt kos i å lage seg mat, og det er mykje billigare.

Forslag til middag frå HappyCampers middagsliste:
- Potetmos med tacopulver og kjøttbollar
- Gul ertesuppe med makaroni, potetmos og salami
- Pasta carbonara frå knorr med bacon (vår favoritt!)
- Rummegraut med spekemat
- Ymse gryter med ekstra pasta og ymse kjøt
- Ymse supper med makaroni og potetmos og kjøt
Av os til piffar me opp med litt kvitlauk eller solturka tomat. Me har også eigen kryddermix som smakar godt på det meste.

Eigentleg føretrekk me buffet i Kilpis

2 kommentarer:

  1. Imponerende! Dere må være de første, etter at Drytech ble etablert i 1989, som har gått Norge på langs uten å spise Real turmat.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, ja, kanskje det. Me hadde ein pose i naudprovianten, men den vart lagt att i Alta etter turen. Ein eller annan gong må me prøve Real!!

      Slett