lørdag 7. april 2012

Sulitjelma

No er det ei stund sidan sist vi har fått oppdatert bloggen vår. Vi har hatt nokre fantastiske dagar sidan sist! Regnvêr er bytta ut med kuldegrader, sol  og snøvêr. Flatt og til tider einsformig skogterreng er gått over til høgfjell, og det liker vi godt!

Etter Hattfjelldal hadde vi ein blaut tur over Røssvatn (den andre største innsjøen i Noreg) i mykje overvatn, men det gjorde ingenting, for i Steikvasselv venta det både proviant og hytte. Vi var så heldige å få låne hytta til Sondre, ein kamerat av Randi, som låg langs med ruta vår. Mor til Sondre var så snill at ho køyrte opp depotpakker og litt ekstra godsaker til oss. Det kom godt med! På hytta fekk vi turka opp alle tinga våre og kosa oss med sauna og snøbading. Elles hadde vi besøk av to trivelege journalistar frå magasinet D2, Christian og Helge. Så sjekk ut Dagens Næringsliv ein gong i slutten av april.

Vi hadde ei flott etappe over til Umbukta Fjellstue der vi fekk sjå det enorme Okstind-massivet, dit vil vi tilbake. På fjellstua fekk vi overnatte i stabburet til Tor Inge, ein kar som har gått Noreg på langs både vinter og sommar. Det var triveleg å vera der ei natt. Vegen gjekk vidare gjennom fjella til Kallvatnet og Virvatnet. Vi gjekk over Saltfjellet og hadde lunsjpause på polarsirkelen. Kom oss over til Graddis og gjekk opp Skaitidalen over mot Sulitjelma, der vi er no. Fantastisk flott dal, med fantastisk djup laussnø. Det var ein tung bit å gå, men då vi kom til nypreppa skiløyper ved Tjorvi-hytta var gleda ekstra stor. No har vi ete ein betre middag, henta kart og proviant og er klare for å hive oss rundt på neste etappe som fører oss inn i Padlejanta nasjonalpark i Sverige. Det blir fint!

4 kommentarer:

  1. Hi both!

    Nice to read you're still going strong. I'll have a look at your blog every now and then.

    All the best for the rest of the trip!

    The Belgians from Sauvasshytta

    SvarSlett
    Svar
    1. Thanks! We have had some great days with perfect conditions now, hard trails and lots of sunshine:) Hope you had a nice trip from Sauvasshytta!

      Slett
  2. Hei igjen, spreke jenter!
    Etter en trabasiøs tur fra Sorjus ned til Sulis på onsdag (flatt lys og en utrolig vanskelig og bratt nedkjøring - dit vil jeg ikke igjen!) - er vi tilbake i Narvik. Det var kjempeartig å møte dere - og vi har nå lest på bloggen deres. Vi følger etappene - og ser at dere besøkte både Staloluokta - og Låddajåkka, og overnattet i nærheten av Kutijaure (?). Lykke til videre - håper dere når Ritsem i dag (husk øl og pizza!:)) - og god tur opp mot Haukajaure, langs Kungsleden mot Abisko. Trude - og Knut :)

    SvarSlett
  3. Heisann!

    Så artig at de har titta innom! Det var triveleg med selskap på Sorjushytta. Kan tenke meg at det ikkje var berre berre å kome seg ned til Sulitjelma. De rakk vel ikkje bussen? Det var flott å gå innover Sverige, föret blei perfekt og etterkvart kom sola og! Pils og pizza i Ritsem gjorde seg! Takk for tipset:) No er me i Abisko og straks klare til å fortsetje over Torneträsk.

    SvarSlett