mandag 26. mars 2012

Hattfjelldal

No har me ein liten kake- og kaffistopp i Hattfjelldal, i anledning Randi sin gjebursdag. Heile 24 år vert ho denne gongen! Her er det ein triveleg coop der dei har det meste, no har Randi fått seg ny spork, og me fekk tak i eit kart me mangla.

Frå Røyrvik starta me i grått ver opp til Namsvatnet, og fulde stikka skuterløype eit stykke innover. Der den slutta møtte me på tre isfiskarar, som hadde lova oss dram (me møtte dei ved p-plassen), og det fekk me. Både ein og to og tre. Tusen takk for det! Turen mot Viermahytta vart artig. Sjølv om det vart mørkt fann me fram, fyra opp og fekk turka utstyret, som nok ein gong hadde vorte gjennomblautt. Me kosa oss med fyrstekake frå Mamma Kari! Dagen etter held me oss inne grunna regnet, men tok ein liten tusletur opp til Kristi Krybbe, eit lite kapell oppi fjellet.

Fredag vart det klarver, og me fauk av garde med godt mot oppover Virmadalen! Fint å sjå litt av Børgefjell! Utover dagen drog det seg til, og når Randi datt ned ein skavel grunna flatt, flatt lys sette me opp teltet! Laurdag prøvde me oss ut, men etter eit par kilometer med sterk vind, nedbør og ingen sikt sette me oppatt teltet. Godt å ha eit telt som tålar vinden! Lenge sidan sist me har hatt slikt vintervêr, noko som gjorde føret på laurdag heilt fantastisk! På skareføre, i sol og med nydeleg utsikt til fjella i Børgefjell, fauk me av garde mot Susendalen. Så fulde me vegen mot Hattfjelldal, og no er me altså her!

I kveld vert det gjebursdagsfest i teltet, i Røssvatn-området. Det er berre å ta turen!

5 kommentarer:

  1. Hurra for Randi :) God bursdagsfeiring - skulle gjerne vore med, men det blir litt langt. Klem frå Tante Marit og Oddfinn :)

    SvarSlett
  2. Godt du ikkje datt lenger ned enn at det blir fest i dag, Randi:) Ver forsiktige i flatt lys!!! God tur vidare! Håpar veret blir betre etter kvart. Klem.

    SvarSlett
  3. 27/3 Det kom i kveld to slitne å våte jenter innom på hytta. De har kjempet seg over Røssvatnet med overvann og regn. Ble imponert over det gode humøret og enorm viljestyrke. Klem :) å masse god tur videre Tore Kristian

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hjelpa Tore Kristian! Det var flott :)

      Slett