tirsdag 20. mars 2012

Halvvegs

No er me happy campers i Røyrvik, der me har sett opp teltet på idrettsplassen som ligg sentralt til downtown. Gangavstand til butikk, bibliotek og kafe. Me kom hit seint i går kveld etter ei lang etappe, på ca 50 km, frå Kvelia.


Bekkane forserast - dette er GØY!

Vera samfunnshus er ein perfekt stad å campe når regn og sludd lavar ned.

Stemninga er mindre munter!
Sidan sist har me tatt oss gjennom Nord-Trøndelags villmark og sett eit yrande dyreliv. Mykje elg, rype, røy og rev. Frå Gaundalen tok me oss over til ein annan fjellgard, Gjevsjøen via turisthytta ved Holderen. Vidare gjekk me over til Berglia der me fekk tips om ruta vidare mot Nordli. Her kom me borti ein vegg av skog og det viste seg at me hadde vald ei svært kronglete rute. Men med litt snacks i lomma og musikk på øyret kjem ein seg gjennom det og! Glad det ikkje var nokon lokalfolk ute og såg vegvalet vårt. Gode på orientering blir me i alle fall!

Gaundalen Fjellgard

Potetbakken- flott stad å bu!

Mr. Gaundalen

Slek ser grensa til Sverige ut.

Lipton Forest Fruit or Twinnings Lemon- that's the question!

Enkel elvekryssing!

Viktig med litt kos i lunsjen.
I Nordli hadde me høyrt rykter om middag til alle som går Noreg på langs-turen, og det gjorde sitt til at me gjekk litt ekstra på dit. Tomme for sjokolade byrja me også å bli. Med vinden i håret og god gli på skia fauk me avgarde over Litltissvatnet (fantastiske namn i indre Trøndelag) klare for å innta Nordli og ein betre middag. Då møtte me på dei to karane Lars og Geir Ove som var ute på skitur. Nei, i Nordli var butikken stengt for ein time sidan, bensinstasjonen hadde Geir Ove lagt ned ved juletider og kafeen med middag var heller ikkje open. Skuffinga var enorm! Men Lars og Geir Ove visste råd. Me skulle berre ringe når me kom oss ned frå fjellet, for då ville dei ta oss med til Gäddede som ligg rett over riksgrensa, for der var det både pizzeria og sjokolade. Kvelden blei svært vellukka, me hadde ikkje trudd at me skulle få selskap av to så trivelege karar! Geir Ove og kona, Heidi, stilte også med husrom og herleg frukost. Tusen takk for det!

Vidare gjekk me etter trasseen til det kjente turrennet, Flyktningerennet, som går frå Nordli og over til Gäddede. Herleg å gå litt i preparerte løyper og treffe på trivelege mosjonistar. Det var mange ute og trente til rennet som går siste helga i mars. Den førte oss over til den vesle bygda Kvelia. Der møtte me på ein fyr som var ute og lufta hunden. Han lurte med ein gong på om det var noko me trengte. Han hadde tydlegvis vore borti folk som oss før. Mat? Overnatting? Transport? Me hadde ikkje gått lange biten så det var for tidleg å ta kvelden, men ein kopp kaffi sa me ikkje nei til. Men der vart det både middag og kake, klokka gjekk og det blei til at me overnatta også. Dagen etter ville Ole Harald, som han heitte, kjøre pulkane våre eit par mil sidan me skulle gå etter vegen. Maken til gjestfriheit, tusen takk! Det var herleg å gå ein bit med lette sekkar:) I Kvelia fekk me også kvart vårt par med ullsolar frå den lokale kremmaren, Roland Aagard. Det kom godt med! Sjekk ut produkta hans på http://www.lussogbusserulleriet.no/

Randi svært nøgd med nye og flotte ullsolar!

No har me ein dag i Røyrvik der me får fiksa litt saker og ting; innleveringar, proviantering, kafebesøk, planlegging av rute og telefonar er det tida går med til. Rart kor fort dagane går nede i sivilisasjonen. Sidan det har vore litt vandring etter veg skal det bli ekstra godt å ta fatt på Børgefjell. Dette er eit fjellområde me begge har drøymt om lenge, og me håpar at det svarar til forventningane! Det er meldt store mengder nedbør så det kan nok bli ei seig etappe. Nordland står for tur, det er fantastisk at me har kome så langt!

2 kommentarer:

  1. Det går jammen meg unna med dere! Ser ut som dere begynner og få god påskefarge i kinna og:)
    klem

    SvarSlett