onsdag 14. mars 2012

Blaute, men ved godt mot!

No er dei glade vandrarane innomhus i Gaundalen. Me starta opp att frå Innstua laurdag, slitne etter eit triveleg opphald i Levanger blei fyrste etappa ganske kort. Det lava ned med snø, som etterkvart gjekk over til regn. Innan me kom oss til den vesle bygda Vera var me gjennomblaute og me slo leir ved samfunnshuset. Måndag gjekk me vidare opp mot Sæterfjellet. Det vart etterkvart endå meir nedbør og me labba av garde med gigantiske klabbar og søkkvåte av regnet. Det vart tidleg kveld og primusen gjorde verkeleg nytta som tørkeomn. I går sette me kursen over fjellet og ned til Gaundalen, eit lite gardsbruk ved grensa. Veret var veldig variabelt og sikta til tider svært dårleg. GPSen fekk gjort nytta si igjen! Gleda var svært stor då me kom fram til Gaundalen Fjellgård og blei møtt av Steinar, sjefen på bruket. Han hadde hytte til låns som var oppvarma. Det passa oss midt i blinken! No er soveposar, klede og resten av utstyret turka opp og me er klare for ferda vidare mot Nordli. Gaundalen Fjellgard tek imot fjellfararar og fiskarar året rundt, skikkeleg triveleg og avsidesliggjande plass. Fleire mil til næraste bilveg, men her har dei faktisk fly og flystripe, så det er ingen problem å koma seg til meir siviliserte strøk. Happy Campers vil sende ei helsing til Eldbjørg i Oslo, systra til Steinar, som me håpar les bloggen vår:) Og mamma og pappa, me har det fint sjølv om Spot kanskje ikkje har kome fram og dekninga er dårleg i områda her. Me håpar på kaldare dagar og meir klarvêr, men føret kan me ikkje klage på.

Over og ut!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar