torsdag 26. april 2012

Kautokeino-kule

Etter å ha gått gjennom både Sverige og Finland er me attende i Noreg, Finnmark, Kautokeino!

Frå Abisko har me brukt ni dagar på turen til Kautokeino. Etter ein del fiksing og styring for å ordne med dei karta me mangla var det langt på dag før me gjekk frå Absiko. Me kom oss halvegs over innsjøen Torneträsk, og søv midt utpå isen. Ein fantastisk kveld med nydeleg klarver. Nesta dag gjekk me til enden av "Träsken", og kom i land ved ein fråflytta landsby. Der sto det ein mann på ein veranda som me kom i prat med. Han ba oss inn på kaffi og kaker! Han hadde vekse opp der, men brukte no huset berre som feriestad. No venta han på ei gruppe hundespann frå Noreg, dei kom rett før me gjekk. Når ein er på ein liten plass i Nord-Sverige forventar ein ikkje å møte kjenstfolk, men ei av dei som var med å køyrde hundespann var Anna, som Åslaug kjenner frå Alta! Det er triveleg å treffe kjenstfolk!

Vidare fulde me skuterled over flate vidder til Keinovoupio. Der hadde me fått tips om å kontakte Sixten, han kunne sikkert hjelpe oss med transport til Kilpis, der me skulle hente kart. Han hadde besøk av finnen Tommii, som skyssa oss til Kilpis, der me fann ut at karta me hadde bestilt ikkje var kome. Dette var på kvelden og butikkane stengte, så me fekk prøve att neste dag. om kvelden sette Tommii opp telt-saunaen sin for oss, slik at me fekk vaska oss litt. Dagen etter haika me til Kilpis. Det ordna seg med kart på turistsenteret, ein kobinasjon av finske turkart og nokre utskrifter frå Godtur.no. Så åt me oss gode og mette på ein herleg buffet, før me fekk oss skyss attende til Keinovoupio med ein same frå Skibotn.

Etter styret med å få tak i rett kart var det langt på dag, og me drøya vandringa til dagen etter. Då fulde me skuterled til Sarikoski, og tok norover i dei Finske viddene. Her har me gått litt omvegar for å følge mest mogleg skuterspor, for snøen er ganske laus og røtin. Me hadde turens kanskje varmaste dag på veg mot Hirvassvoupio, me kunne vrenge av både jakker, bukser, ulltrøyer og stilongar! Me håpar på fleire slike dagar før Nordkapp. I Hirvassvoupio står det ei triveleg tømmerkoie, der overnatta me før me forsette mot Noreg. Mellom skuterspora slutta i Finlnd til dei starta att i Finnmark var det om lag ei mil. Her var føret veldig dårleg, med mykje røtin snø. Gleda var stor når me kraup under gjerdet til Noreg, og turens siste fylke, Finnmark! Gleda var også stor då me fann kvistaløype frå Goappluball mot Kautokeino.

Det byrjar å bli vår, det merkar me på snøføret og istilhøve. I morgon fortsett me langs elva nordover. Til Nordkapp er det om lag 350km.

Her er nokre bilete sidan sist:

Randi i heftige forhandlingar med finne (på svorsk-engelsk) om kart vidare frå Kilpis

Abisko - B-bisko

Sinksalvetuba får køyrd seg på Träsken

Teltleir på Torneträsk

Anna strikes a pose ved sleden

Hundekøyrar Tom Frode og den trivelege svensken, me trur han heiter Sven

Me har gått gjennom eit rakettskytefelt

Skoterpolisen passar på at me føljer leden

Teltidyll

Åslaug var særs nøgd med å verte rein etter sauna

Stopping, det skjer ofte

Randi har fått seg ein finsk venn - Ola

Kvar går vegen vidare, i Finland var me svært usikre på korleis me skulle ta oss over til Kautokeino

Cowdogstrekk

Randi deigar seg gjennom Finland

Sjølvutløysar ved Hirvassvoupio

På veg til Noreg

Gouvza forserar grensa

HappyCampers er happy for å vere i Noreg att

To gode vener kozzzzzar

Våren har kome til Kautokeino, håpar skiføret held litt til

Åslaug på Juhl's

Randi og Gouvza framfor Juhl's

Takk til Kautokeino kommune for lån av PC! Randi håpar dette kvalifiserar til fast ansetting...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar