lørdag 7. januar 2012

Ljosland



No har me ete middag på Ljosland fjellstove, og er glade for å skulle byte ut syklar med ski i morgon. Rumpa har fått køyrt seg, men det var godt å få slukt nokre mil.

Dagen starta med kaffi og frukost hjå familien som me lånte teltplass hjå. Dei var tyske og hadde budd i Noreg i fem år. Det var stor stas! Randi vart ven med Ole-Thor på seks år.

Syklinga har gått radigt i dag. Fint terreng og godt ver. I lunsjpausa testa me vindsekken, den er god å ha.

På Ljosland møtte me ein tysker med same plan som oss. Triveleg å utvelske planer. Me sykla også forbi ein hund og to sekkar i dag, som me trur tilhøyrer nokre karar frå Vinstra. Folksomt på veg til Nordkapp...

No skal me ut å setje opp teltet, det vert mamma, Kari, si siste natt med oss før ho køyrer attende til Vang. Tusen takk for transport og følgebilsørvis!

Me er spente på føret, isen er ikkje trygg, så det kan bli vanskeleg å følge dei vanlege vinterløyene.

No har me også ait innlegg i hytteboka til Åsnes, ta gjerne ein titt på det.

9 kommentarer:

  1. Koseleg å lesa innlegga. Og no er spoten på plass. Herleg! Har vore innom sida til Lindesnes fyr, Vang sparebank og gjesteboka til Åsnes og. Skal helse frå Laza og ynskje god tur! Det er så mange som kjem med positive kommentarar og som drøymer om å gjera noko slikt:) Kos at de har møtt trivlege folk, då. Og så MÅ de vera forsiktige med isane! Klem frå den andre mamma'n:)

    SvarSlett
  2. Supert at dikkon oppdaterar sida:-) moro å fylgje med. Gledar meg til å høyre fortsetjinga og håpar de fær ei god fyrsteetappe på ski:-) god tur vidare, jenter:-)

    SvarSlett
  3. God tur videre! Kanskje ses vi underveis. Planlegger en tur fra Finse 19. januar - sammen med to av "damene" fra NPL-turen i 2012.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Inger!
      Me vart litt seinare enn tenkt til Finse, me var ikkje der før 3. februar, og gjekk vidare til Geiterygghytta den 4. Me såg to av "Damer på langs" hadde vore innom på Bjordalsbu! Gje gjerne ein lyd om de planlegg fleire turar i løpet av vinteren, kanskje våre skispor møtast ein dag! Og tusen takk igjen for god hjelp i planlegginga, det er gull verd for oss! :-)

      Slett
  4. Hei!
    Dere må ha sykla fort. Det stemmer at vi er på tur også. Men rart dere bare så hunden og sekkene våre...?

    Vi drar videre fra Ljosland mot Haukeliseter nå. Kanskje vi ses et sted i landet.

    www.trelangsnorge.com



    God tur!

    SvarSlett
  5. Hei jenter.

    Trivelig å treffe på dere nord for Taumevatn. Flott at det ennå finns noen ungdommelige livsnytende sjeler som gidder å dra på tur noen dager alene i den fantastiske norske fjellheimen, (og landet forøvrig). Håper det går greit med akillesen, husk å midlertidig bygge opp litt UNDER sålen i skistøvelen, og få tak i skikkelige hælkapper for formålet på Haukelisæter, og få gjerne noen til å snakke med en "fysio" for dere, om hva som forebygger mest. Unngå for enhver pris betennelse, for det er ugreit, har prøvd det selv på tur på Dovrefjell. Gi gass, og legg landet flatt, skal følge med.

    Mvh. Tom Moen, Moi

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei!

      No er akillesane heilt fine, eg trur det hjalp å byggje opp, og eg fekk tak i superpiller, men har heldigvis sluppe å bruke mange.
      Me har detr framleis supert på tur, og skal snart setje i gang att etter ei pause heime i vakre Valdres. Takk for at du formidla beskjeden frå Markus, me traff han att på Haukeliseter, men har ikkje sett han etter det.

      Mvh HappyCampers :-)

      Slett
  6. Hei, glemte lappen fra Markus Heim, her er RETT avskrift av det han skrev til dere:

    NPL 2012, 13.01 kl. 17.40
    Hi Randi & Åslaug. Hvordan går det? How is the knee? I hope you are all right. When I startet to dry all my wet equipment parts, two scooters arrived. They were checking the thickness of the ice, and explained to me, that it could be safe. And than they left towards Storevatn. So we will have a nice scooter track. I wish you all the best, and hope to meet you again... Somewhere.... Sometime..... out there in this white paradise.

    Hilsen Marius H.

    SvarSlett
  7. Hei Tuppelurer!!
    Ser dere begynner å nærme dere Haukeli! Jeg drar til Suldal i dag og det hadde vært veldig kjekt å møtt dere. feks på Haukeliseter hvis dere skal innom der. Eller en annen plass der dere krysser veien. Hvis dere mangler noe spes kan jeg kanskje fikse?
    Klem, klem

    SvarSlett