mandag 13. februar 2012

35 dagar går fort


No er me heime i Valdres ein tur, 35 dagar etter at me starta frå Lindesnes. Det har vore skikkeleg stas å bli varta opp heime, men no kjenner me at fjella kallar, og det er på tide å vende nasen og skituppane nordover.


Etappa har vore prega av fin natur og greit ver. Me fekk testa GPSen etter Finse, då me gjekk over til Geiterygghytta i tjukk skodde og bakrus. Ekstra godt å koma fram på ein slik dag. Stor takk til Jan Eira som lånte bort hytta si ved Geiterygghytta!
I nedkøyringa til Iungdalshytta rauk pulkdraget til Randi (då ho for ei gongs skuld prøvde å ta det med ro i ein nedoverbakke), det er no teipa og spjelka.

Randi på trynet

Randi deigar seg på Geiterygghytta

Etappa frå Finse gjekk fort. Me bestemte oss for å bli henta på Hemsedalsfjellet, ei dagsetappe sør for Tyinkrysset. Åslaug hadde fått infeksjon i gnagsåra og måtte difor ta det med ro nokre dagar. Dette passa bra sidan me likevel skulle ta ei pause i Valdres. Her har me ete, fiksa småtteri og skrive geografioppgåver. Triveleg å helse på folk, og artig å høyre at så mange les bloggen vår! Tysdag eller onsdag ber det vidare.

Her er nokre blinkskot frå etappa Lindesnes - Valdres:

På Lindesnes - kongen ynskte oss god tur!

Setesdalsheier...

Håhelleren

Når ein ligg verfast nyttast tida til studering

Dagens antrekk: campsko (ajungliak), knevarmarar (mamma), stilongs (åsnes), ulltruse (snodig), ulljakke (åsnes), buff (vang sparebank), vøtta (norrønna). Hair and makeup: fråverande

 Hå(r)helleren

Det er noko grepa til vind - me lyt snu

Teltleir ved Taumevatn

Kveldskos

Snø og vind i Setesdalsheiene

...og der snudde vinden 90grader...

Laus snø før Bleskestadmoen

Vind + snø = skavlar som knekk

Morgonkaos går ann i finver

Morgonstund med gull i munn

 
Turistskaret 

Haukeliseter. Mat. Øl.

Teltet er også ein fin stad å liggje verfast

Så slår me til med kvart vårt knekkebrød

Tining av øl
Åslaug posar i fint lys

Åslaug posar framfor Hardangerjøkulen

 Mot Finse

 Kitarar
Skilting i fjellet - mellom Geiterygghytta og Kongshelleren 


 Pierre har også teke turen til fjells

 Pulkdrag type knukke og spjelka

Sol. Fint.

Litt moro ska'n ha det med nasepassaren

Pierre er stadig å treffe på i fjellet

Gnagsår

3 kommentarer:

  1. Følger med dere kvar einaste dag. Ekstra spennande når det kjem bilder. Ta vare på dere sjøl - gnagsåret såg ikkje bra ut:( God tur vidare alle saman. Klem frå Randi si Tante Marit :)

    SvarSlett
  2. Så triveleg tante Marit! Takk for det, no er det innspurt i oppgåveskriving, så ber det vidare! Hels! :-)

    SvarSlett
  3. Mange fine bilde.
    Ha ein forsatt god tur!

    Kjell Erik

    SvarSlett