fredag 3. februar 2012

Finse-fin

No har me hatt nokre fantastiske dagar der me har fått opplevd Hardangervidda på sitt beste. Godt å endeleg få slukt nokre kilometer og sjå sole. Det har vore kaldt mange av dagane og Åslaug har frose mykje på føtene, men magen til Randi er alltid varm!

Ved Hellevassbu var det Noreg på langs-treff, der møtte me att Håkon og Henrik, og Idun og Line som er på same ferda. Det var triveleg! Det har vore nokre netter i telt og det var godt å ta ei natt inne på Kjeldebu. Mellom Kjeldebu og Finse hadde me ei natt i telt der det snøga mykje. Det førte til tyngre føre i dag. Etter to timar brøyting møtte me ein kar på scooter. Han inviterte oss heim til seg på Finse, dei glade vandrararne var ikkje vonde å be. På veg ned til Finse møtte me ein svær flokk villrein, det var stor stas! Me møtte og på Noregs kjappaste pulktrekkjar som trente til pulkløp over Hardangervidda. No kosar me oss stort innandørs med ein herleg middag i magen. Artig å møte så mange trivelege folk!

I morgon ber ferda vidare til Geiterygghytta der me har neste depot. Det er kitehelg på Finse og veldig mykje folk her, så det skal bli godt å kome seg vidare.

10 kommentarer:

  1. Åå, det høres så bra ut! :-)

    SvarSlett
  2. Det er gødt å få vermt seg på føto, og fint at det finst fleire "Vidar i Vesleskagarar"! Då bli livet dobbelt bra!
    Supergod tur vidare, småjento. Kari H.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dæ æ gødt dæ æ følk so stelle gøtt mæ småjento våre mæa dei kjempa se nolijøno dette uhørvele lange lande, Kari:)

      Slett
  3. da va berre kjekt å møta deko på fjelle. eg satsa på at da ikkje e sista gonge eg ser deko på finse. de må ha ein go tur viare. håpa da ikkje va fø tongt å starta frå finse i dag. :-) men da va no trevele.
    de e gjertle velkomne at.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det va eit fantastisk opphald hjå dikkan på Finse, me tek gjedne turen att! Det va litt tungt, men me kom oss over til Geiterygghytta. GPSen vart flittig brukt i tåka. Me tviheld på stavane for å sleppe å bøye oss ned den dagen :-)

      Slett
  4. Fant ein sak i lokalavisa heime der dykk om mulig blir nevt?? http://www.h-avis.no/nyheter/savnet-skigaer-funnet-1.6755446
    ( "Mannen ble påtruffet onsdag av en gruppe som går Norge på langs. De gikk motsatt vei av mannen, opplyser operasjonsleder Svein S. Lyssand ved Hordaland politikammer." )

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Me såg dette, men me hadde passert ein dag før, så dette var Idun og Line, og Håkon og Henrik... :-)

      Slett
  5. Lurer på om det er slik: Di høgare til fjells du kjem, di fleire trivelege folk treffer du på!? Registrerer at de no går andre natta hjå Jan i møte:) Det er dykk vel unt. De har avansert no:) Stell godt med dykk sjølve! Og god tur vidare. Vi gler oss til de kjem heimom!

    SvarSlett
  6. Kjekt å møta dykk i boogin på 1222 fredag kveld.
    Ha ein fin tur vidare.
    Skal innom her og følga med dykk.

    SvarSlett