onsdag 29. februar 2012

Skotårsdag = kviledag

No har det gått eit par veker sidan vi starta opp igjen på Hemsedalsfjellet. Tida har gått veldig fort og vi har kome oss heilt til Røros. Vi hadde ein fin tur gjennom Jotunheimen med blant anna eit triveleg opphald hjå dronninga av Fondsbu, Solbjørg. Vi gjekk vidare over til Gjende og ut til Gjendesheim. Derifrå blei det hovudsakleg vegtrasking ned til Otta. Men det gjorde oss ingenting, for vêret var flott og vi traff mange trivelege folk. Ein merkar godt at det er vinterferietid. Det dukka også opp eit par journalistar frå Fjuken og GD.

Då vi kom oss til Otta venta det overnatting og mykje god mat heime hjå Anne Kristine og Jørn. Dei hadde også tatt vare på depoet vårt for etappa gjennom Rondane. Her venta også det nye teltet frå Hel Sport, Fjellheimen X-trem. Takk for det! Og Mange takk til "hotell Engen", det var triveleg å vera hjå dykk! Frå Otta fekk vi følge av Ole og Ine som har bidratt med flotte blogginnlegg og bilete. Det var stas å ha dei med! Vi tok farvel med dei på Folldal og fortsette ferda etter Femundløpsløype, skiløyper, scooterspor, bilveg og hesteløype til Røros. Dette var eit område vi absolutt ikkje hadde noko kjennskap til, men fekk gode råd på Grimsbu Turistsenter om ruta vidare. Der var det Siberian Husky-treff og vi telta rett ved løpstrasseen. Randi synest det var svært eksotisk å vakne opp til trekkhundløp rett utanfor teltduken.

Trivelege Bergstaden Hotell.

Blant anna trengte vi meir hundefor og menneskefor. Det fyrstnemte fekk vi tak i på hundebutikken Troll. Der var det ein triveleg kar som synest det var artig at vi var på langtur. Han sponsa oss like godt med hundefor for den neste etappa. Vi er heldige som treff på så mange gavmilde og hjelpsame folk! Det er så artig for folk tar stadig kontakt med oss og vil prate og hjelpe oss. Turen handlar mykje om det å oppleve naturen og dei flotte fjellområda, men alle menneska vi møter gjer turen ekstra spanande og innhaldsrik. No ser vi fram til turen vidare, dei fyrste dagane vil vi ha følge av av Leif, ein høg nordlending!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar